Baatar for over 1 1 milliardar paa 10 dagar
KLAR: I morgon er det dåp av Sølvtransbåten "Ronja Islander" som etterpå set kursen mot Canada og oppdrag for Grieg Seafood.
Nytt

Båtar for over 1,1 milliardar på 10 dagar

Sølvtrans får overlevert nye brønnbåtar på rekke og rad før jul og Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk lovar at det og blir skrive minst ei ny kontrakt før året er omme.

06.12.2019
I morgon er det dåp av "Ronja Islander" frå Aas Mek. Verksted.
Tidlegare i veka fekk Sølvtrans overlevert verdast største brønnbåt, "Ronja Storm", og neste helg blir det den tredje overleveringa i løpet av 10 dagar for Sølvtrans.
Til saman kostar dei tre båtane over 1,1 milliardar kroner i følgje Halsebakk, med "Ronja Storm" som den klart dyraste.

24 båtar

Både "Ronja Storm" og "Ronja Islander" skal rett ut i oppdrag, høvesvis i Tasmania og Canada.
Med desse to brønnbåtane har Sølvtrans 24 brønnbåtar i arbeid, medrekna fem deleigde farty i Chile.
Neste helg stig flåten til 25 og ytterlegare to er under bygging, eitt hos Aas Mek. Verksted og eitt hos Myklebust Verft.
Det skal bli meir. To-tre nye brønnbåtar kvart år dei neste fem åra sa Halsebakk til NETT NO om byggeplanane framover i august i år. Den neste nybyggingskontrakten kjem til å bli underskriven alt før årsskiftet 2019/2020 i følgje Halsebakk.

Publisert: 06.12.2019 16:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47