Baat nummer ti for nye Rem
KJØP: Sju år gamle Lewek Andes er båt nummer ti for Herøy-baserte Rem Offshore.
Nytt

Båt nummer ti for nye Rem

Kjøper den sju år gamle PSV-en Lewek Andes.

18.07.2019
Det opplyser lokalavisa torsdag.
– Dette blir vår båt nummer fire i seismikksegmentet, og er ein båt som vil komplettere seismikkflåten vår, seier adm. dir. Fredrik Remøy i Rem Offshore til avisa om kjøpet av Lewek Andes frå selskapet Emas.
Lewek Andes er systerskip til Rem Aquarius som Rem Offshore kjøpte frå det same selskapet i juli i fjor. Båten er for tida inne på ombygging til å drive som skytebåt i samband med nodeseismikk.

30 millionar USD

Remøy fortel til Vestlandsnytt at det er ei nokså omfattande ombygging dei har starta på ved ST Marine i Singapore. Mellom anna er det mykje utstyr som skal leverast på relativt kort tid, og mykje av utstyret kjem frå lokale leverandørar som Evotec og Ulmatec Baro med fleire.
– Vi har også med oss ein lokal bank, fortel Remøy, som talfestar investeringa til rundt 30 millionar US Dollar medrekna kjøp og ombygging.
Lewek Andes er 87,9 meter lang, 18,8 meter brei og har eit dekksareal på 900 kvadrat.
Skipet er innreidd for å kunne huse 60 personar.

Sikra to års drift

Til Vestlandsnytt opplyser Remøy at båten skal ut på langtidskontrakt med ein internasjonal aktør som sikrar drifta i minst to år framover.
Båten skal fyrst til Nigeria, og deretter blir det potensielt Midt-Austen.
Rem Offshore er eigd av Åge Remøy, Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth.
Trioen la 500 millionar friske kroner på bordet for å byggje opp eit nytt offshoreselskap etter at gamle Rem vart slukt av Solstad-systemet.
Rem Offshore har base i Diamanten på Mjølstaneset, men skal flytte tilbake til dei gamle Rem-kontora i Fosnavåg sentrumn når dagens Solstad-tilsette flyttar ut på tampen av året.

Publisert: 18.07.2019 15:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37