Axxis vil hente inn meir pengar
TIL SALS: Skipet Neptune Naiad kan bli seld som ein del av refinansieringa av Axxis Geo Solutions.
Nytt

Axxis vil hente inn meir pengar

Investorgruppe med redningsplan for det kriseråka seismikkselskapet.

14.01.2021
Ei gruppe finansielle investorar har foreslått at Axxis Geo Solutions skal hente inn mellom 12 og 15 millionar dollar i ny eigenkapital. Framlegget er vidare at ein stor del av selskapet sine kreditorar skal ettergi 85 prosent av sine krav. Resten skal dei får betalt i kontantar eller ved å gjere om gjeld til aksjar.
Gruppa finansielle investorar - som ikkje blir namngitt i børsmeldinga - har garantert å gå inn med 12 millionar dollar i kapitalutvidinga.

Både kreditorar og dagens eigarar må godkjenne planen før den kan bli sett ut u livet.

Tek over selskapet

Ifølgje framlegget skal kursen i kapitalutvidinga vere 0,1 kroner pr. aksje. Det betyr at dagens eigarar vil sitte igjen med under ein prosent eigarandel.
Dagens Næringsliv skreiv i går at Axxis Geo Solutions er begjært konkurs på grunn av eit utbetalt krav på seks millionar kroner.

Dersom ikkje framlegget til løysing er akseptert innan fristen for konkurskravet vil Axxis Geo Solutions søkje om offentlege gjeldsforhandlingar, ifølgje børsmeldinga.

Havila Holding størst

Ei rekkje sunnmøringar har investert tungt i selskapet.
Ifølgje den siste aksjonærlista har mange av sunnmørsaksjonærane seld seg ned eller ut. Mellom andre er Roger Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital ute av lista over dei største aksjonærane.
Klart største aksjonær - før den eventuelle kapitalutvidinga - er framleis Havila Holding med ein eigarandel på 26,4 prosent.

Publisert: 14.01.2021 09:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11