Axxis skiftar toppsjef
AXXIS: Ronny Bøhn overtar som toppsjef i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions, som eig seismikkfartløyet Neptune Naiad.
Nytt

Axxis skiftar toppsjef

Ronny Bøhn frå Oslo overtar etter Lee Parker frå Houston i sunnmørsdominert seismikkselskap.

07.08.2020
Styret i nodeseismikkselskapet Axxis Geo Solutions har tilsett Ronny Bøhn som ny toppsjef i selskapet.
Bøhn erstattar Lee Parker frå Houston, og skiftet skjer allereie 10. august.

Lang erfaring

Ronny Bøhn har meir enn 20 års erfaring frå seismikkindustrien.
Han kjem frå stillinga som operasjonsdirektør i nodeseismikkselskapet inApril.
Frå 2013 til 2017 hadde han ei leiarstilling i seismikkselskapet CGG, og har ført det hatt fleire leiande posisjonar i Fugro.
Styret opplyser i ei børsmelding at Lee Parker har valt å fråtre som toppsjef for å søke andre utfordringar, men han skal bistå Axxis som rådgivar i ein overgangsfase.

På sparebluss

Selskapet har Havila Holding som største enkeltaksjonær, og har mange sunnmøringar på aksjonærlista.
at ein gjekk inn i ein såkalla 'smart track'-modell, der ein kuttar dei løpande kostnadene etter at ein har avslutta eit nodeseismikkoppdrag for Equinor i Nordsjøen.
Til dette oppdraget brukte Axxis sitt eigde seismikkskip Neptune Naiad, samt innleigde skip frå Havila Shipping.
Selskapet opplyser at både fartøy, noder og anna utstyr vil vere raskt tilgjengeleg dersom det dukkar opp nye oppdrag.
Selskapet anslår at utgiftene vert redusert til 800.000 US dollar i månaden etter den nye modellen.

Roleg på børsen

Dersom det ikkje vert nye kontraktar innan slutten av tredje kvartal, går planen ut på å halvere kostnadene til å utgjere maksimalt 400.000 US dollar i månaden.
Børsen har så langt ikkje reagert særleg på skiftet av toppsjef. Aksjen vert fredag rundt klokka 10 handla for 75 øre aksjen, noko som prisar heile selskapet til 44 millionar kroner.

Publisert: 07.08.2020 10:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00