Axxis kan faa meir arbeid
SEISMIKK: Det kan verte meir seismikkarbeid for Axxis Geo Solutions og Havila-skipet Havila Auroa.
Nytt

Axxis kan få meir arbeid

Har gjort intensjonsavtale om nodeseismikk i Nordsjøen.

24.02.2020
Det sunnmørsdominerte seismikkselskapet Axxis Geo Solutions har skrive intensjonsavtale med ein større internasjonal aktør om å utføre nodeseismikk i Nordsjøen.
Dette opplyser selskapet i måndag.

30 dagar

Om intensjonsavtalen vert realisert, er planen å utføre arbeidet i løpet av andre kvartal i år.
Arbeidet vil omfatte eit område på 67 kvadratkilometer, og vil pågå i rundt 30 dagar.
Arbeidet skal utførast av to seismikkfartøy.

Suez-oppdrag

Axxis eig sjølv seismikkfartøyet Neptune Naiad, og baserer seg i tillegg på innleigde fartøy.
Selskapet er no i sving med eit større 3D seismikkoppdrag på egyptisk side av Suez.
Til dette oppdraget brukar Axxis dei innleigde Havila-skipa Havila Aurora og Havila Fortune, i tillegg til Pasific Finder og Sanco Sword, det siste eigd av Gjerdsvik-selskapet Sanco.

Selskapet har vore den store børstaparen siste halvåret, men klarer seg bra på ein blytung børs måndag.
Heile selskapet er no verdsett til 53 millionar kroner.

Publisert: 24.02.2020 10:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53