Axxis i gang med Suez jobb
ARBEID: Havila Aurora er eitt av dei innleigde skipa Axxis Geo Solutions brukar i arbeidet i Midt-Austen.
Nytt

Axxis i gang med Suez-jobb

Nodeseismikkselskapet Axxis Geo Solutions har starta arbeidet på eit større oppdrag i Midt-Austen.

17.01.2020
Axxis Geo Solutions opplyser i fredag at selskapet har starta opp arbeidet på eit 3D nodeseismikkoppdrag i Midt-Austen.
Selskapet opplyser at arbeidet vil pågå mesteparten av første kvartal i år.

Havila-skip

Axxis har hatt fire innleigde skip i Midt-Austen i påvente av oppstart av arbeidet.
To av skipa, Havila Aurora og Havila Fortune, er eigd av Havila Shipping i Herøy, medan Gjerdsvik-selskapet Sanco har leigd ut skipet Sanco Sword. I tillegg er skipet Pacific Finder innleigd.
Sanco Sword ligg fredag på Malta.
Dei tre andre skipa er i arbeid ved Suez, på egyptisk side.

Børsras

Kontrakten vart først utsett, noko som førde til at det sunnmørsdominerte seismikkselsakpet rasa på børsen, kombinert med at sentrale aksjonærar selde seg ut.
Torsdag fall kursen med nye 12 prosent, og heile selskapet var torsdag verd 59 millionar kroner.
Axxis treng å styrke seg finansielt, og selskapet har vurdert ulike tiltak for å styrke arbeidskapitalen etter at selskapet så seint som i oktober henta inn 225 millionar kroner gjennom ein retta emisjon.
Selskapet har uteståande krav på rundt 33 millionar USD.
Axxis har tidlegare opplyst at forventa inntekter frå første fase av prosjektet i Midt-Austen er på rundt 35 millionar USD, med potensial for endå meir.
I børsmeldinga fredag opplyser selskapet at inntektene frå denne kontrakten, i tillegg til forbetringar gjorde med långivarar og underleverandørar, er viktige bidrag for å styrke arbeidskapitalen.

Publisert: 17.01.2020 08:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50