Avklaring om Hurtigruten
SNART KLART: Samferdselsedepartementet offentleggjer klokka 14:00 kven som skal drive hurtigrute-trafikken mellom Bergen og Kirkenes.
Nytt

Avklaring om Hurtigruten

Samferdselsdepartementet har bestemt seg.

20.04.2018
Kven som får drive Kystruten, som går i dagleg gods- og passasjertrafikk mellom Bergen og Kirkenes, blir offentleggjort av Samferdselsdepartementet klokka 14. 00 i dag. Drifta er subsidiert og kor mykje støtte aktørane som vil drive sambandet vil ha er ein del av vurderingsgrunnlaget i anbodskonkurransen.

To aktørar har stadfesta at dei er med i konkurransen; Hurtigruten ASA og selskapet Havila Kystruten, som er eigd av Havila Holding. Om og kor mange andre som eventuelt har lagt inn bod er ikkje kjent.
I dag er ruta trafikkert av Hurtigruten ASA åleine. Då sambandet blei lyst ut på nytt i fjor delte Samferdselsdeparetementet sambandet opp i tre "pakkar" for å få større konkurranse om oppdraget.
Havila Kystruten er eit heileigd selskap av Havila Holding, som eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media, utgivarselskapet bak NETT NO.

Publisert: 20.04.2018 11:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20