Avgrensar krillfisket for aa verne om pingvinane
ANTARKTIS: Store område ved Amtarkis vert stengde for krillfiske under hekkesesongen for pingvinane.
Nytt

Avgrensar krillfisket for å verne om pingvinane

Aker Biomarine har sagt ja å stenge av eit område på 74.000 kvardratkilometer rundt Antarktis. Grunn: hekkesesong for pingvinar.

06.12.2018
Aker Biomarine har frivillig gjort desse endringane. Berekraftansvarleg Pål Skogrand meiner at dette er det rette å gjere.
- Det er rikeleg med krill i Antarktis, men vi veit at globale klimaendringar kan skape uføresette konsekvensar for artar som er avhengige av krill.
- Den einaste måten å sikre ei berekraftig krillhausting i framtida er å tilpasse seg behova i økosystema, seier han i ei pressemelding.

Kamp om lisensar og teknologi

Krillsesesongen er no i gang, og Røkke-kontrollerte Aker Biomarine er den einaste norske aktøren som fangstar krill i Antarktis etter at Røkke overtok Stig Remøy sin tidlegare krilltrålar Juvel.
Aker Biomarine har under bygging ein 130 meter lang krilltrålar ved Vard Brattvaag, og Remøy har sjølv store planar for ein ny krilltrålar.
Remøy har også fått forlenga dagens lisens til 2020, og har samstundes søkt om ein ny krill-lisens.
Det har også Aker Biomarine, i tillegg til Ålesund-selskapet Fish Group of Norway, som søker om to lisensar, og har ferdig på teiknebrettet ein 140 meter lang Skipsteknisk-designa krilltrålar.
Samstundes barkar Aker Biomarine og Remøy-selskapet Rimfrost saman i Søre Sunnmøre tingrett måndag i ein kamp om krillteknologi.

Det strammar seg dermed til rundt krillfisket, der Aker Biomarine no er i gang med fisket.

Store område avstengde

Det er ARK (Association of Responsible Krill Harvesting Companies) som står bak.
Aker Biomarine opplyser at avgrensingane baserte på vitskaplege studiar om fôringsområde for koloniar av Adelie, Chinstrap og Gentoo pingvinar i avling, og vil sjå slik ut:
  • Antarktishalvøya stengd for krillfiske (med ein radius på 40 km) mellom 1. oktober og 1. februar
  • Gerlache-stredet stengd for krillfiske (med ein radius på 30 km) mellom 15. oktober og 15. februar
  • Sør-Shetlandsøyene stengd for krillfiske (med ein radius på 40 km) mellom 1. november og 1. mars
  • Sesongstengningen vil bane veg for ein heilårsrestriksjon frå 2020, der størrelse og grenser skal avgjerast etter ei evaluering.

Støttar forsking

Aker Biomarine skriv at det truleg er ikkje noko anna fiske i verda der fangsten er så lav i forhold til estimert biomasse.
The Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources (CCAMLR) har beregna at krillhausting til berre ein prosent av den totale biomassa rundt Antarktishalvøya.
Fleire viktskapsmiljø er i ferd med å innhente meir data og kunnskap om økosystemet og Aker Biomarine opplyser at neste år vil selskapet og dei andre ARK-selskapa leggje pengar på bordet for å støtte den store internasjonale vitskaplege synoptiske undersøkinga av krillbiomassen i Antarktis. Planen er at dette vil gi et nytt referansepunkt for krilldata og bidra til eit mer solid grunnlag for framtidig krillhausting.
- Vi er i dette fiskeriet for det lange løp – å gå føre på berekraft vil derfor alltid vere heilt sentralt for å kunne drive med det vi gjer, seier Pål Skogrand i pressemeldinga.

Publisert: 06.12.2018 10:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29