Avgjerd om utsleppsfrie hurtigbaatar utsett
UTSETT: Avgjerda om når det blir krav om utsleppsfrie hurtigbåtar mellom Bergen og Sogn og Fjordane er utsett. Brødrene Aa har lansert eit alternativ med hydrogen som drivstoff (illustrasjon), men administrasjonen i Vestland fylke er usikker på kor rask teknologien og infrastrukturen for hydrogendrift er klar.
Nytt

Avgjerd om utsleppsfrie hurtigbåtar utsett

Fylkesutvalet i Vestland har utsett saka om nye utsleppsfrie hurtigbåtar på sambanda mellom Sogn og Fjordane og Bergen til neste møte 29. september.

18.09.2020
NPK/NETT NO: Saka skulle handsamast i fylkesutvalet 17. september, men skal no opp på neste møte.
Politikarane i Vestland vedtok 3. desember i fjor «innfasing av nullutsleppsteknologi frå 2022 og seinast 2024» for hurtigbåtane nordover frå Bergen mot Sogn og Nordfjord. Fylkesrådmannen i Vestland Runge Haugsdal vil derimot utsetje kravet om nullutslepp på hydrogen-hurtigbåtar til 2028. Det går fram av saksutgreiinga til fylkesutvalet.

Ifølgje sakspapira frå fylkesrådmannen er det truleg berre ved å ta i bruk batteriteknologi at ein kan få utsleppsfrie hurtigbåtar innan 2024. Det vil han likevel ikkje tilrå, mellom anna fordi det ikkje blir driftssikkert nok. Det vil også bli vanskeleg å fylle dagens ruteopplegg med batteridrift.

Skuffa dersom det blir utsetjing

– Eg vart skuffa då eg såg at fylkesrådmannen i Vestland ikkje vil stille krav om utsleppsfrie hurtigbåtar før i 2028. Dette bryt med nullutsleppsmålet til Vestland. Vi er klare til å følgje opp med pengar frå staten, seier Liv Kari Eskeland (H) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget til
Den tidlegare ordføraren i Stord peikar på at staten treng eit anbod og konkrete tal å halda seg til. Så er målet å dekka inn ekstrakostnadane ved å ta ny teknologi i bruk.
– Men fylket må gå i bresjen med ei klar bestilling til næringslivet. Og eg stolar på næringslivet når dei seier at dette skal dei få til innan 2024, seier Eskeland.
Dei noverande hurtigbåtkontraktane mellom Bergen, Sogn og Nordfjord som Norled trafikkerer, går ut om to år.
Fleire industrileiarar har tidlegare sagt til BT at dei kan klare å få til ekspressbåtar med nullutslepp i 2024.

Vil starte med fossilt drivstoff

Fylkestinget i Sogn og Fjordane - som no er ein del av Vestland fylke - vedtok våren og sommaren 2019 at det ville ha utsleppa frå hurtigbåtane kraftig ned og at det skulle lysast ut anbod på hurtigbåtrutene med start av anbodsperioden 1. mai 2022. Ruta mellom Florø og Måløy skulle vere utsleppsfri eller med låge utslepp. Er dette aktuelt for andre ruter, skal desse og lysast ut med nullutslepp-/lågutsleppskrav.
Då ideen om å ta i bruk hydrogen som drivstoff blei lansert var målet å kunne slik båtar i bruk alt i 2021. No kan det bli i 2026, fem år etter. Med hydrogen som drivstoff er utsleppet berre vatn, ikkje CO2 som i ein forbrenningsmotor.
I førebuinga til framlegg til vedtak i fylkesutvalet i Vestland fylke - som har ansvaret etter samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland - leigde administrasjonen inn DNV GL for å få faglege råd.
DNV GL sin konklusjon er at det er "krevande, men ikkje urealistisk" å vente at hurtigbåtane kan vere utsleppsfrie klar og utsleppsfri frå 2024. Men det er sto uvisse knytt til stabiliteten i drifta, fordi DNV GL reknar med at konkurransen om å drive dei lengste sambanda bli vunne av reiarlag som vil stille med hydrogenbåtar. Fordi det er ein ikkje utprøvd teknologi, med manglande infrastruktur og med uavklart økononomi meiner DNV GL at det er fare for at reiarlaga ikkje greier å vurderer tilboda sine godt nok dersom kravet er utsleppsfrie båtar frå 2024.
Basert på råda frå DNV GL rådde adminstrasjonen fylkesutvalet til å vedta at dei som vinn konkurransen om hurtigrutesambanda frå og med 2021 først må ta i bruk utsleppsfrie båtar ein gang mellom 2024 og 2026. Før det kan dei drive med sambanda med eldre båtar som går på fossilt drivstoff.

Hybridbåtar på lokalsamband

Eit samrøystes fylkesutval i Vestland har vedteke anbodskonkurranse på låg- og nullutsleppsbåtar på lokale samband i kommunane Bremanger, Kinn, Vik og Høyanger. Det blir konvensjonell drift frå 2022 til 2024, før ein i 2024 skal starte opp drift med hybride båtar.
I kor stor grad hybridbåtane i lokalbåsambanda skal gå utan utslepp er ikkje avgjort.

Publisert: 18.09.2020 14:58

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:25