Avgiftsauke paa 220 millionar
AVGIFTSAUKE: Medan Ketil Solvik-Olsen var samferdselsminister miste flyrutene mellom Ørsta/Volda og Oslo statstøtte og skulle drivast på kommersielle vilkår. Samstundes auka regjeringa avgiftene på flytrafikken. Her er Solvik-Olsen saman med sin dåverande statsekretær og seinare etterfølgjar Jon Georg Dale under markeringa av at det blei gratis å køyre Eiksundtunnelen i 2014.
Nytt

Avgiftsauke på 220 millionar

Auken i ei rekkje avgifter sidan 2015 har plussa på kostnadane for Widerøe sine kommersielle flyruter med 220 millionar kroner i året. 

19.02.2020
- Om Noreg hadde same rammevilkår for distriktsruter som dei har i Danmark (ingen moms, ingen flypassasjeravgift, og ingen C02 avgift) ville rutetilbodet vore vesentleg betre og rimelegare i distrikta. Eit annet eksempel er Sverige, som har lågare moms, lågare flypassasjeravgift og inga CO2-avgift, skriv Terje Skram, direktør for strategi og infrastruktur i Widerøe, i ein epost til NETT NO.
Widerøe varsla i denne veka at selskapet legg ned fleire flyruter, mellom dei morgonruta frå Gardermoen til flyplassen i Ørsta og returen.

Auke etter auke

Det er såkalla kommersielle ruter som blir lagt ned. Dette er ruter Widerøe flyg utan statsstøtte. Under dåverande samferdselsminister Ketil-Solvik Olsen (Frp) vart det i 2015 avgjort at direkteruta mellom Ørsta/Volda Lufthamn Hovden og Oslo skulle stå på eigne bein og drivast utan statstøtte frå våren 2016. Endringa vart kritisert av næringslivsrepresentantar på søre Sunnmøre, som frykta dårlegare tilbod.

Samstundes har avgifter og skatt auka å for år. Her er Widerøes oversikt over endringane.
2012: CO2-kvoteavgift innført2013: Auka startavgift 2014: Slutt på differensiert arbeidsgivaravgift, passasjeravgift opp 8,5 prosent2015: 88 prosent auka i CO2-avgift2016: Auka startavgift, auka moms til 8-10 prosent, innføring av flypassasjeravgift på 80 kroner (frårekna moms)2017: Auka flypassasjeravgift til 82 kroner (frårekna moms)2018: Auka moms til 10-12 prosent, auka CO2-avgift med 16 prosent, flypassasjeravgifta opp til 83 kroner.2019: Redusert flypassasjeravgift til 75 kroner

Pluss 220 millionar

Samanlikna med 2015 har avgiftsaukene auka dei årlege kostnadane på Widerøe sine kommersielle ruter med 220 millionar kroner, i følgje Skram.
Verknaden av avgiftsreduksjonane i same periode har vore liten og utgjer eit kutt på fem millionar kroner årleg frå 2019 til 2020.
- Kutta som blir sett i verk 4. mai utgjer 3 prosent av selskapets totalproduksjon og 15 prosent av selskapets kommersielle kortbaneruter. Kutta som kjem no må sjåast i ein større sammenheng, med negativ trend, då talet på landingar på kortbanenettet allereie er redusert med 16 prosent i perioda 2015-2019, skriv Skram.

Minst lønsemd

Tidlegruta frå Oslo og returen var ruta mellom Ørsta/Volda og Oslo som hadde svakaste lønsemd, i følgje Skram.
Reknestykket er ikkje knytt opp til talet på reisande åleine, men på kva som blir svaret ut frå ei vurdering av korleise nedlegging av ei rute slår ut i disponeringa av mannskap og flyflåte.

Selskapet Fjord 1 eig 34 prosent av aksjane i Widerøe. Selskap i Havila Holding eig 66,5 prosent i Fjord1. Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 19.02.2020 10:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53