Aurstad spaar gode tider i anlegg
Større: K.A. Aurstad ventar å auke talet på tilsette frå 170 til rundt 200 i løpet av året. Milliardkontrakt på E6 i Gudbrandsdalen er mykje av grunnen. Selskapet er og med på utbygging av Garnesskiftet i Ulstein.
Nytt

Aurstad spår gode tider i anlegg

Entreprenør K.A. Aurstad i Ørsta vann både milliardkontrakt, og fekk lønsemda til å skyte i veret i fjor. Spår mange gode år i bransjen.

11.03.2014
Straks ho er ferdig med å bygge det nye Garnesskiftet i Ulstein set maskinkøyrar Mona Seljeset frå Hornindal kursen mot Vinstra og oppdraget som løfta entreprenørselskapet K. A. Aurstad opp i ein ny divisjon.
Der blir det skift og brakkeliv fram til den nye E6-traseen er ferdig i oktober 2016.
, i hard konkurransen med norske entreprenørgigantar.
Dette oppdraget løftar selskapet frå å vere ein underentreprenør til å bli ein hovudentreprenør, sa administrerande direktør Per Kristian Langlo då E6-kontrakta var i boks ifjor.

Marknad i vekst

I dei over to åra Seljeset har arbeidd i selskapet har det berre blitt større og større.
Når ho er på plass på Vinstra kjem ho truleg til å ha enda fleire kollegaer i firmaet enn ho har i dag.
Alle politiske signal peikar at investeringane i vegar og anna samferdsel kjem til å auke, og vere høge i fleire år framover, meiner Langlo.
- Dette er ein bransje i vekst, og det vil det vere i fleire år. Då er det opp til oss å halde fram utan å gå skoa av oss, seier han.

30 nye

Ved årskiftet hadde selskapet 170 tilsette. I løpet av året trur Langlo at staben kan nå 200, og at selskapet har rundt 50 innleigde folk i tillegg. Omlag halvparten av dei som arbeider for selskapet vil arbeid på Vinstra når utbygginga der kjem i gang for fullt.
Reknskapen for 2013 viser og at selskapet har greidd å vekse, utan at det har gått ut over lønsemda. Tvert i mot, resultatet i 2013 vart betre enn i 2012. (sjå tabell).
Så seint som i 2011 var overskotet før skatt beskjedne tre millionar kroner, og då var driftsinntektene godt under 300 millionar kroner.
- Vi har auka driftsinntektene utan å auka dei faste kostnadane i same takt, seier Langlo.
Selskapet hadde på det meste 80 innleigde maskiner med maskinførar ifjor. Alternativet, å auke sin eigen maskinpark, ville tæra hardare på resultatet, i følgje Langlo.

Generasjonskifte

K.A. Aurstad vart starta av Kjell Arne Aurstad midt på 80-talet. Då starta han med ei gravemaskin, eit transportabelt pukkverk, lastebil, hengar, hjullastar og to tilsette. No er maskinparken på over 220 ulike køyretøy, talet på tilsette 170 - og veksande.
I løpet av 2013 er det gjennomført ei omfattande omorganisering, og eit generasjonskifte i selskapet.
Kjell Arne Aurstad sin son, Cato Aurstad, eig no 88 prosent av konsernselskapet Aurstad as - som i sin tur eig K.A. Aurstad, pengemaskinen i konsernet.

Skil ut eigedom

Kjell Arne eig resten, gjennom eit holdingselskap, som og eig eigedommane selskapet har.
Før omorganiseringa og utskiljinga av eigedomane eigde far og son høvesvis 66 og 34 prosent i konsernet.
I samband med omorganisering er det gjort nokre transaksjonar som har gitt ein bokført gevinst for K.A. Aurstad, slik at resultatet før skatt er blitt betre enn det elles ville vere.
Entreprenørselskapet har dei siste åra vore engasjert i ei rekkje ulike utbyggingar, mellom anna på flyplassane i Nordfjord og Møre og Romsdal, Kvivsvegen og utbygginga av trafostasjonar i Ørsta, Sykkylven og Bremanger og anlegg i samband med kraftlina Ørskog - Fardal.
Dette er ein bransje i vekst, og det vil det vere i fleire år

Publisert: 11.03.2014 18:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31