Aurstad sjefen Banken sa nei
INTAKT: Frå venstre: Anders Mattias Jonsson, Cato Aurstad (frå K.A. Aurstad), Alf Kristian Karlsen og assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens Vegvesen signerer 89-millionars kontrakt på utbetring av Rotsethorntunnelen i Volda i sommar. Det er ein dotterselskap av K.A.Aurstad, Aurstad Tunnel, som har oppdraget. Det selskapet er ikkje konkurs
Nytt

Aurstad-sjefen: Banken sa nei

K.A.Aurstad fekk ikkje banken med å restrukturering av selskapet.

06.12.2018
Lenge håpa administrerande direktør Jo Stian Tverberg i K.A. Aurstad at restruktureringsplanen leinga og eigarar arbeidde med skulle berge selskapet. Men då DNB til slutt sa nei, var det slutt.

Grunnen til konkursen var store tap på bygging av ein E6-strekning i Trøndelag, bankens nei var det som utløyste konkursen, i følgje Tverberg.
No må bustyrar Håvard Wiker i advokatselskapet Ro Sommernes avklare kva som skal skje med dei prosjekta K.A.Aurstad engasjert i, mellom anna E6-byggigan i Trøndelag.

Usamde om framdrift

For K.A.Aurstad er E6-kontrakten i Trøndelag på 300 millionar kroner, der selskapet er underleverandør til hovudentreprenøren AF Gruppen. Så langt har K.A.Aurstad tapt 80 millionar kroner på jobben. Kontrakten blei inngått hausten 2017.
Undervegs har K.A.Aurstad og AF Gruppen blitt usamde om framdrifta i bygginga og K.A.Aurstad har blitt pressa inn i ein ugunstig situasjon, i følgje Tverberg.

Mor- og tunnelselskap intakt

Det er K.A.Aurstad med 212 tilsette som er konkurs.
Morselskapet Aurstad, med datterselskapa Aurstad Maskinutleige og Aurstad Tunnel er ikkje konkurs.
Aurstad Maskinutleige eit "ein del av" maskinparken, i følgje Tverberg. Aurstad Tunnel er eitt av selskapa som arbeider med å oppgradere Rotsettunnelen i Volda. Selskapet har ingen tilsette, men sysselset 10-12 personar frå K.A.Aurstad i tunneloppdraget.

Publisert: 06.12.2018 15:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29