Aurstad krav paa over 300 millionar kroner
FULLT HUS: Ni representantar frå kreditorane er på plass under den første skiftesamlinga til entreprenørselskapet K A Aurstad i dag. Sittande til høgre (med skjegg) bustyrar Håvard Wiker og borevisor Per Ødegaard. Til venstre administrerande direktør i Aurstad-konsernet, Jo Stian Tverberg.
Nytt

Aurstad-krav på over 300 millionar kroner

Konkursboet K A Aurstad har fått krav på 307 millionar kroner og varsel om at ytterlegare krav på over 100 millionar kroner er på veg.

14.01.2021
DNB er største kreditor, med eit pantesikra krav på 189 millionar kroner.
Det kom fram i innberetninga til første skiftesamling etter at det blei opna konkurs i entreprenørselskapet K A Aurstad i fjor.
I alt ni representantar frå kreditorane er på plass i det vesle rettslokalet i Søre Sunnmøre Tingrett i Volda då skiftesamlinga starta klokka 11 i dag.

Tap i Trøndelag

Bustyrar Håvard Wiker sa i retten at ting tyder på at årsaka til konkursen i hovudsak skuldast tap på bygging av ein E6-strekning i Trøndelag.

I Trøndelag var K A Aurstad underleverandør for AF Gruppen, som byggjer ei strekning på 65 kilometer av E6 ved Soknedal.
Wiker sa i retten i dag at bustyret like før skiftesamlinga har fått varsel frå AF Gruppen om at den vil rette eit krav på 107 millionar kroner mot buet.
Då den førebelse innberetninga blei skriven var det registrert krav på frå i alt 172 krav. Det blir fleire, ventar Wiker, som sa at berre frå innberetningar og fram til skiftesamlinga i dag har kome varsel om ytterlegare 20-30.
- Det renn inn, sa Wiker.

Lang tid

Bubehandlinga etter konkursen blir ikkje ferdig i år, i følgje Wiker. Han har førebels ikkje noko anslag for om og eventuelt kor mykje dei usikra kreditor kan få att etter konkursen.
- Dette kjem til å ta lang lang tid, sa Wiker.
Bustyret skal mellom anna selje unna den delen av maskinparken som DNB ikkje har pant i eller som er overtatt av eit datterselskap i Aurstad-konsernet, Aurstad Maskinutleige.

Måtte nedbemanne

K A Aurstad var eitt av dei største entreprenørselskap på Nordvestlandet. 213 personer var tilsett i selskapet ved konkursen i desember i fjor, og selskapet var det klart viktigast i Aurstad-konsernet.
I 2014-2016 var K A Aurstad med på bygginga av ei ny strekning av E6 i Gudbrandsdalen. Det oppdraget gav ei samla driftsinntekt på 900 millionar og gjorde og at selskapet auka arbeidsstokken.
"Dette prosjektet ble avsluttet i 2016, og i etterkant av det ble det ikke tilført tilstrekkelig med nye prosjekter, samtidig som de faste kostnadene var tilnærmet uendret", skriv bustyrar Håvard Wiker i innberetninga til retten.
Då AF Gruppen i august 2017 vende seg til K A Aurstad om oppdraget på E6 ved Soknedal var alternativet å satse på det oppdraget eller å redusere verksemda og permittere mer enn 100 tilsette, i følgje innberetninga. K A Aurstad valde altså å ta underleverandørjobben for AF Gruppen.
No er Aurstad-konsernet i gang med nye drift, med 60-70 tilsette i datterselskap som ikkje er omfatta av konkursen.

Snudde i 2017

Fram til 2017 hadde K A Aurstad gode resultat, men 2017 blei eit vendepunkt i negativ forstand.
Pr. august 2017 hadde selskapet eit overskot på fire millionar kroner, positiv likviditet og ein ubrukt kassakreditt. Året enda med eit negativt driftsresultat på 28 millionar kroner og selskapet måtte be DNB om å lette på kravet til eigenkapital, noko banken sa ja til i juli i 2018.
Wiker talfestar ikkje underskotet i 2018, men skriv i innberetninga at det blir vesentleg større enn i 2017.
Det står att mykje arbeid for å klargjere årsaka til konkursen, men i følgje innberetninga ser K A Aurstad ut til å hatt manglande oversikt undervegs sjølv og forretningførsel og reknskapsføringa var ryddig og oversiktleg.
"Den løpende rapporteringen av pågående prosjekter, med tilhørende oppfølging og sluttprognose, ser imidlertid ut til å ha fungert mindre tilfredsstillende", heiter det i innberetninga.

Publisert: 14.01.2021 08:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30