Aurstad krav paa 550 millionar
FULLT HUS: Ni representantar frå kreditorane var på plass under den første skiftesamlinga til entreprenørselskapet K A Aurstad i januar 2019 . Sittande til høgre bustyrar Håvard Wiker og burevisor Per Ødegaard. Til venstre administrerande direktør i Aurstad-konsernet, Jo Stian Tverberg.
Nytt

Aurstad-krav på 550 millionar

Også dei usikra kreditorane får att pengar etter konkursen.

15.01.2021
430 millionar kroner av krava etter konkursen i entreprenørselskapet K.A. Aurstad er usikra krav. No ser det ut til at kreditorane får att ein del av desse pengane.
Kor mykje av dei 430 millionane som blir betalt til kreditorane er ikkje avklart, og buet skriv i årsrapporten til skifteretten at det vil "ventelig innebære et betydelig arbeid med å prøve de anmeldte fordringene".

550 millionar

Ni representantar frå mindre kreditorar pressa seg saman i det vesle rettslokalet til Søre Sunnmøre Tingrett i januar 2019 under første skiftesamling etter konkursen i entreprenørselskapet K.A. Aurstad i desember 2018.
Blant dei var andre selskap i anlegg- og byggebransjen som hadde utført arbeid for K.A. Aurstad og som no frykta å aldri få betalt.
Oppmøtet på skiftesamlinga var eit signal om kor mange som vart råka av konkursen.
Til saman har bustyrar Håvard Wiker registrert 395 krav på tilsaman 550,4 millionar kroner, i følgje årsrapporten som er levert til Søre Sunnmøre Tingrett. DNB har eit pantesikra krav på 80,6 millionar kroner, medan lønskrav utgjer storparten av dei knappe 40 millionane som står som nummer to på prioriteringslista. (Både DNB og tilsette får pengane sine). Resten av krava, 430 millionar kroner er usikra.
Etter konkursen har bustyret seld utstyr som DNB hadde pant i for 17,5 millionar kroner. Utstyr som DNB ikkje hadde pant i - der inntekten tilfall buet - er seld for tilsaman 63,7 millionar kroner.

Smell i Trøndelag

Den utløysande årsak til konkursen var store tap på bygging av ein del av E6 i Trøndelag, der K.A. Aurstad var underleverandør til AF Gruppen.
Forsøket på å få til ei refinansiering lukkast ikkje, og i starten av desember melde selskapet oppbopd. Over 200 tilsette vart råka av konkursen.

Søsterselskapa til K.A. Aurstad, Aurstad Maskinutleige og Aurstad Tunnel, var ikkje omfatta av konkursen og verksemda i Aurstad-konsernet har halde fram gjennom dei to selskapa.

Publisert: 15.01.2021 06:00

Sist oppdatert: 13.04.2021 16:09

Mer om