Aukar satsing paa sosiale medier
UTVIDAR: Dagleg leiar Erlend K. Ringstad (biletet) og partnar Erlend Hjelme har utvida tilbodet frå Valldal Naturopplevingar med mellom anna kajakkutleige og  guida turar. Ringstad ser størst vekstpotensiale i den internasjonale marknaden. 
Nytt

Aukar satsing på sosiale medier

Fem reiselivsbedrifter i Valldal går saman for å bli enda meir synlege på sosiale medier.

19.05.2018
- Utan sosiale medier hadde vi ikkje greidd å få til det salet vi har, seier dagleg leiar og medeigar Erlend K. Ringstad i Valldal Naturopplevingar.
Selskapet auka driftsinntektene frå 1,1 millionar kroner i 2016 til 1,9 i 2017. Målet er å nå minst fire millionar kroner, som vil sikre grunnlaget for to heilårsarbeidsplassar.
Saman med Valldal Aktivitetspark har Valldal Naturopplevingar gått saman om å tilsette ein person i sommarsesongen for å jobbe med sosiale medier på heiltid.
Dei to bedriftene samarbeider også med Valldal Fjordhotell, Kulå Bowling og Meretes Garden - som kan knytte seg seg til den ekstra satsinga på sosiale medier.

Fôrar nettet

Nettet må fôrast med bilete og historier frå aktivitetane hos dei ulike selskapa, gi tilbakemeldingar på spørsmål og innspel som kjem på nettet og aktiviteten på nett må styrast for gir best mogleg effekt.
Selskapa har kvar sine nettsider og eigne system for bestilling på nett, og via sosiale medier blir komande kundar leia vidare til lenkjer som gjer det råd å bestille og betale aktivitetar.

Meir aktivitet

Felles for dei fem bedriftene er eit ønskje om å utvikle og få fram aktivitetstilbodet i Valldal.
Til saman tilbyr dei aktivitetar frå yoga og spa, via konsertarrangement og bowling, barneteater med eige trollunivers, klatrepark i tretoppane og til padling, guida turar, rafting og andre friluftsaktivitetar.

Utvida

Valldal Naturopplevingar har nettopp flytta inn i nye lokale i Valldal, der kundane også har oppmøteplass og garderober.
Raftingsesongen - med padling på Valldøla i store flåtar - er heilt i starten og varer til midten av juli. Sju flåtar med sju guidar kan vere på elva samstundes. Frå midten av juli tek juving, med klatring og symjing framme i elva over som aktivitet.
Selskapet har eige klatrefelt i Fjørå, eit lite stykke innover fjorden frå Valldal, der dei leiger ut havkajakkar og arrangerer turar både med og utan ski. Den stillaste perioden er i november-desember og målet er å auke aktiviteten heile vinteren.
-Valldal som vinterplass er ikkje kjent nok enno, seier Ringstad.

Tok over namnet

Ringstad eig 20 prosent i Valldal Naturopplevingar, kompanjongen Erlend Hjelme resten. Firmaet blei skipa i 2016, men har ei historie tilbake til 90-talet, då mellom andre far til Erlend, Nils Jarle Hjelme, byrja med raftingturar på Valldøla.
Valldal Naturopplevingar as overtok namn og utstyr og har satsa på å utvide aktiviteten.
Erlend Hjelme er også 45 prosent eigar i Valldal Aktivitetspark, som blei skipa i 2014. Nils Hjelme eig 10 prosent. Den tredje aksjonæren er Gro Marita Valldal sitt selskap, Trollbinding as.
Klatreparken i tretoppane ligg på ei tomt ved elvekanten som Hjelmefamilien har, og er gradvis blitt utvida sidan starten. Aktivitetsparken er også base for Trollbinding, som mellom anna driv med barneteater - med sitt eit eige univers av troll.

Internasjonal vekst

I dag er rundt 70 prosent av kundane til Valldal Naturopplevingar nordmenn.
Ringstad meiner potensialet for vekst er størst i den internasjonale marknaden. Men stiller fleire krav til marknadsføringa for å lukkast.
- For å jobbe internasjonalt er det viktig å vere på sosiale medier, men det er også viktig å vere i kontakt med internasjonale turoperatørar og agentar, seier han.
Eitt område vil selskapet halde seg unna, cruiseturismen. Den kan gi volum, men ikkje ein forteneste som er verdt arbeidet. Cruiseturistar som sjølve bestiller ein aktivitet tek Ringstad gjerne i mot, men avtalar med cruiseselskapa er han ikkje på jakt etter.
Han meiner reiselivsbransjen har undervurdert potensialet for lønsemd.
- Eg trur ein slit med at ein ikkje har tort å ta seg betalt fordi ein har vore for oppteken av at Noreg er så dyrt, seier han.

Publisert: 19.05.2018 06:00

Sist oppdatert: 25.03.2021 08:12