Aukar omsetninga og feirar 60 aar
ALMENNING: Nordvestvinduet har no 91 tilsette og kan i år feire 60 år.
Nytt

Aukar omsetninga og feirar 60 år

Nordvestvinduet har fått ein god start på året, og snart tek leiinga alle tilsette med seg og feirar 60-årsjubileum i Kalvåg.

26.05.2017
- Vi har fantastiske tilsette som har hovudæra for den utviklinga vi har hatt.
- Vi er svært heldige som har ein så dyktig og omstillingsvillig organisasjon, seier adm. dir Rune Sætren ved Nordvestvinduet på Almenning i Vågsøy.

Fire lærlingar

Selskapet har 91 tilsette, der svært mange kjem frå nærområdet.
Også i fjor vart arbeidsstokken utvida.
- Vi har no også tatt inn fire lærlingar. To er lærlingar i industrisnekkarfaget og to er lærlingar i CNC-operatørfaget.
- Vi er alltid på jakt etter fleire dyktige medarbeidarar, seier Sætren.

Tapte på Brexit

Nordvestvinduet produserer og sel vindu, vindusdører og ytterdører, og all produksjon skjer i lokala på Almenning.
I tillegg har selskapet avdelingskontor i Molde og eit salskontor i Skotland.
Sætren seier at konkurransen er hard, og Brexit slo heller ikkje heldig ut.
- Vi merka kursfallet på britiske pund frå rundt 13,50 til rundt 9,50 målt mot norske kroner, men situasjonen har no normalisert seg.
- Samla sett er vi fornøgde med resultata av satsinga i Storbritannia.
Nordvestvinduet omsette i 2016 for 105,4 millionar kroner, og resultatet før skatt vart på 1,9 millionar kroner. Det er 1,3 millionar lavare enn i 2015.
- Vi er ikkje fornøgde med resultatet, men vi presterte over budsjett og har gjennomført langsiktige grep for å sikre framtidig lønsemd, seier Sætren.

Nye investeringar

Han seier at hittil i år har det vore omsetninsgvekst, og ein ligg på linje med budsjettmåla.
- I tillegg har vi ei offensiv satsing på forbetringsarbeid, mellom anna gjennom investering i Lean og nye maskiner.
- Vår siste maskininvestering er på over fire millionar kroner, og skal installerast i fellesferien.
Rune Sætren eig sjølv 8,6 prosent i selskapet.
Største aksjonærar er Dag Almenning med 45,8 prosent og Jonfinn Almenning med 14,9 prosent.
Selskapet har totalt ti aksjonærar, som no kan fordele eit utbyte på 500.00 kroner for fjoråret.
Vi er alltid på jakt etter fleire dyktige medarbeidarar

Publisert: 26.05.2017 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10