Auka verftsaktivitet dreg opp
VERFT: Auka aktivitet ved verfta, her frå Myklebust Verft i Gursken.
Nytt

Auka verftsaktivitet dreg opp

Norsk industriproduksjon aukar. Det er særleg verftsindustrien som bidreg til auken.

08.02.2019
NPK-NTB: Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 1,5 prosent frå tredje til fjerde kvartal i 2018.
Produksjonsveksten kjem etter oppgang i begge dei to føregåande kvartala, på høvesvis 1 og 0,8 prosent, viser sesongjusterte tal frå .

Skip og oljeplattformer

Veksten i fjerde kvartal kan særleg knytast til bygging av skip og oljeplattformer, der næringa hadde ein auke på nesten ni prosent.
I tillegg bidrog også metallvareindustrien til den samla oppgangen med ein vekst på 3,5 prosent. Den petroleumsretta leverandørindustrien hadde samla sett ein auke i fjerde kvartal på 3,3 prosent.

Nedgang for kjemiske råvarer

Dei sesongjusterte tala viser også at den samla industriproduksjonen auka med 0,5 prosent frå november til desember 2018. Saman med metallvare- og maskinindustrien bidrog næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri til å trekke den samla produksjonen i positiv retning. Samtidig hadde kjemiske råvarer ein nedgang i perioden.
Estimerte tal frå , EUs statistikkontor, viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein nedgang på 1,7 prosent frå oktober til november 2018. I den same perioden var produksjonen i Noreg stort sett uendra med ein liten auke på 0,1 prosent.

Mindre gss og råolje

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverk og kraftforsyning samla var uendra frå tredje til fjerde kvartal for 2018. Utvinninga av råolje gjekk ned med 0,6 prosent, samtidig som utvinninga av naturgass fall med heile 10 prosent, ifølgje dei sesongjusterte tala.
Utvinningstenester hadde ein auke på 4,2 prosent i fjerde kvartal 2018 samanlikna med det føregåande kvartalet. Bergverksdrift hadde også ei positiv utvikling i same periode med ein auke på 3,7 prosent.
Norsk kraftforsyning hadde ein vekst på 6,1 prosent frå tredje til fjerde kvartal 2018. Her heng auken saman med ein låg produksjon i kvartalet før, grunna særs lite nedbør.

Publisert: 08.02.2019 15:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31