Auka skipsbygging dreg opp
KLEVEN: Auka skipsbyggingsaktivitet dreg opp industriomsetninga. Her frå bygginga av Roald Amundsen på Kleven. Søndag skal søsterskipet Fridtjof Nansen sjøsetjast frå same verft.
Nytt

Auka skipsbygging dreg opp

Norsk industri går betre. Omsetninga auka med 2,2 prosent siste tre månader i høve til dei tre månadene før.

07.12.2018
Dette viser sesongjusterte tal frå .
Veksten i industrien kan særleg knyttast til vekst for bygging av skip og oljeplattformer.
Her er veksten siste månaden på 6,7 prosent, og heile 34,8 prosent på heilårsbasis.

Mest til heimemarknaden

I oktober vart det omsett for 5,2 milliardar kroner i bygging av skip og plattformer.
For heile sekkeposten industri er veksten på 12,2 prosent på heiårsbasis.
I oktober vart det omsett for 79,3 milliardar kroner fordelt på 43,3 milliardar for heimemarknaden og 32,9 milliardar i eksport.

Mindre makrelleksport

Dårlegare går det derimot i næringsmiddelindustrien. Her var det ein nedgang i produksjonen på 2,5 prosent, særleg knytta til lavare aktivitet innan foredling og konservering av fisk.
Dette gjelde blant anna lavqre mengde foredlq makrellprodukt grunnq reduserte kvoter.

Publisert: 07.12.2018 09:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29