Auka sjanse for hydrogenferje
HYDROGEN: Rolf Fiskerstrand (i midten, med briller) vil bygge om ei ferje til hydrogendrift. Går alt som han håpar kan den vere klar til testing i fjerde kvartal 2020. Denne veka besøkte han nullutsleppsbåten Energy Observer saman med blant andre Knut Flakk i Hexagon Composites.
Nytt

Auka sjanse for hydrogenferje

Reserveferja i Hjørundfjorden skal gå i fast rute mellom Trandal og Standal. Det aukar sjansen for hydrogendrift.

12.09.2019
Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune stadfestar at fylket har utøvd opsjonen på å sette reserveferja i Hjørundfjorden i fast trafikk.
Fjord 1 vann konkurransen om å drive ferjerutene på indre Sunnmøre frå 2020 til og med 2033, mellom anna rutene over Hjørundfjorden, Hundeidvik-Festøy og Sæbø-Leknes-Standal-Trandal.

På Hjørundfjorden må Fjord 1 stille med ei reserveferje, og no er det bestemt at den skal gå i fast rute mellom den veglause bygda Trandal og Standal, omlag midt i fjorden. Det betyr at fjorden blir kryssa av tre ferjer, medan to tek gjer jobben i dag.

Kan bli hydrogen

Fjord 1 har og forplikta seg til å stille reserveferja til disposisjon for ombygging til hydrogendrift, eit ombyggingsoppdrag Fiskerstrand Verft lenge har venta på klarsignal for.
At ferja skal settas i fast trafikk aukar inntektsgrunnlaget for Fjord 1. Det aukar sjansen for ei ombygging til hydrogendrift, men er neppe nok til å finansiere investeringa. Avtalen mellom ferjeselskapet og fylket er at fylket skal dekke meirkostnadane ved å drive ei ferje som gå på hydrogen, medan sjølve ombyggingskostnaden må finansierast av andre.
- Dette er eit pågåande arbeid, og det er for tidleg å kommentere status på finansieringa, skriv Jesper Wiig ved samferdselsavdelinga i ein epost til NETT NO.

Klart til årsskiftet

Konsernsjef Rolv Fiskerstrand i Fiskerstrand Holding, som eig Fiskerstrand Verft, sa på eit hydrogenseminar i Ålesund denne veka at verftet kan ha eit ombygd ferje som går på hydrogen klar til utprøving i fjerde kvartal 2020.

Han ventar ei avklaring på kva ferje Fjord 1 vel å sette inn som reserveferje på Hjørundfjorden innan årskiftet og er optimistisk til at finansieringa av ombygginga til hydrogendrift også fell på plass.

Publisert: 12.09.2019 10:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39