Artec Aqua kontrakt i Barstadvika
KLAR FOR TRINN TO: Luftfoto av stamfiskanlegget i Barstadvik under utbygginga av første byggetrinn i 2018. No skal anlegget bli enda større.
Nytt

Artec Aqua-kontrakt i Barstadvika

AquaGen skal utvide stamfiskanlegget sitt i Barstadvik for 150 millionar kroner.

19.01.2021
Med utvidinga blir anlegget i Barstadvik i Ørsta eit anlegg som tek hand om heile livssyklusen til laksen, frå rogn til stamfisk til ny rogn. I dag tek anlegget mot smolt på 100 g og har den til den blir stamfisk på 12-15 kilo.
Anlegget vil få kapasitet til å levere mellom 80 og 100 millionar rogn i året
Artec Aqua i Ålesund har fått jobben med å teikne anlegget.

Store investeringar

Aqua Gen kjøpte Profunda i 2017 og har allereie gjort store investeringar i selskapet.
Første byggjetrinn på stamfiskanlegget for laks stor ferdig i 2018 og kosta 85 millionar kroner. Då blei anlegget utvida med ein hall på 2.700 kvadratmeter.

Den nye utbygginga skal vere ferdig våren 2022.

Salt grunnvatn

Anlegget i Barstadvik og selskapet Profunda vart etablert av veterinærekteparet Else Marie og Helge Ressem grunnla yngelprodusenten Profunda i 1998. Med frå starten var også doktor i fiskesjukdomar, Sindre Grotmol, og investor og siviløkonom Hans Peter Michelet. Ressem og Michelet er framleis medeigarar, og storparten av dei andre aksjonærane har vore med frå starten.
I starten var det kveiteoppdrett det handla om, deretter torsk, og dei siste åra frå Aqua Gen kom inn - lakserogn.
Det spesielle med Barstadvik er at anlegget har vasskjelder som sikrar reint ferskvatn og sjøvatn, slik at produksjonstilhøva er stabile.
Profunda hentar sjøvatn frå brønnar som er bora ned i morenegrunnen ved anlegget. Sjøvatn trekkjer inn i morenemassane, som funger både som eit biologisk og mekanisk reinsefilter.

Publisert: 19.01.2021 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12