Arrest i Juvel
ARREST: Krilltrålaren Juvel ligg no i arrest i Danmark, i følgje retten i Hjørring.
Nytt

Arrest i Juvel

Krillfartyet "Juvel" er tatt i arrest i Danmark. 

15.09.2016
Det er byretten i Hjørring som av avsagt kjennelsen, og skipet er tatt i arrest i dag. Det stadfestar retten til NETT NO.
Juvel ligg no ved Skagen i Danmark, .
Advokat Arild Gjelsvik, som representerte eigarselskapet Emerald Fisheries då konkurskravet frå Skatt Midt-Norge vart handsama i Søre Sunnmøre Tingrett, har ingen kommentar til kjennelsen i Danmark og viser til selskapet. NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå dagleg leiar i selskapet.
Emerald Fisheries er eigd av Rimfrost. Rimfrost er eigd av Olympic Holding, med Stig Remøy som hovudaksjonær.

Kort frist

Skatt Midt-Norge har eit momskrav på 13,3 millionar kroner mot Emerald Fisheries.
Då kravet vart handsama i Søre Sunnmøre Tingrett 30. august fekk selskapet ny frist, til mandag 19. september.

Emerald Fisheries har blitt enig med dei største kreditorane om ein "standstill-avtale", sa Emerald Fisheries advokat, Arild Gjelsvik, i retten i august. Det betyr stopp i utbetalingar for å få pusterom til å finne ei refinansieringsløysing for selskapet. Fristen var sett til 15. september, som er i dag.

Avklaring

Selskapet har både verdiar og framtidsutsikter som gjer at det er ikkje er grunnlag for konkurs. Likviditetssituasjonen er stram, men med ei refinansiering vil det vere grunnlag for vidare drift, argumenterte Gjelsvik. Ei utsetjing vil tene alle kreditorane og dei tilsette, utan at Skatt Midt-Norge sin sjanse til å drive inn kravet ville bli forringa, i følgje Gjelsvik.
I 2014 hadde Emerald Fisheries driftsinntekter på 152 millionar kroner, eit driftsresultat på 18,3 millionar og eit underskot før skatt på 10,6 millionar kroner.
Gjelda var 402 millionar kroner.
2015-reknskapen er ikkje offentlegjort enno.

Publisert: 15.09.2016 14:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00