Armbrot gav finale plass
TIL INTERVJU: Ane Nythun Grønfur (til venstre), Nikloa Jurigova, Marte Lunde Sætre, Hannah Sofie Flaten i ungdomsbedrifta På Kroken er den einaste bedrifta frå Nordfjord/Sunnmøre som har gått vidare til intervjurunden i finalen for ungdomsbedrifter.
Nytt

Armbrot gav finale-plass

Ungdomsbedrifta På Kroken i Stryn kan takke ein uheldig lærar for finaleplassen i NM for ungdomsbedrifter.

06.05.2020
På første skuledag for knappe tre år sidan gjekk lærar Trine Vik Nygård bak i klasserommet for å lever ein namneskilt til ein elev som kom inn litt etter dei andre. Då ho snudde seg for å gå fram til kateteret snubla ho i ein skulesekk som låg på på golvet, stupte framover og braut overarmen på to plassar.
Det enda med tur til sjukehuset og seks veker sjukmelding.
Denne historia er utgangspunktet for ideen til Ane Nythun Grønfur, Marte Lunde Sætre, Nikola Jurigova og Hannah Sofie Flaten på Stryn Vidaregåande skule.

Sekken på kroken

Gjennom ungdomsbedrifta På Kroken har dei utvikla ein metallkrok som kan festast i bordkanten, og brukast til å henge skulesekken på.
Denne veka konkurrerer dei i kategoriane "størst verdiskapingspotensiale" og "beste ungdomsbedrift" i NM for Ungdomsbedrifter.
Dei fire har i alle fall ein stor tilhengar:
- Dette er ein veldig god ide. Det blir ryddigare på alle måtar. Det er ikkje berre lærar som kan snuble, seier Trine Vik Nygård.

Utvikle entreprenørskap

NM for ungdomsbedrifter blir arrangert at organisasjonen Ungt Entreprenørskap, som arbeider for å fremje vilje og evne til å utvikle idear og etablere bedrifter hos elevar og studentar.
Ungdomsbedrifter er bedrifter for elevar i vidaregåande skular. For ungdomsskuleelevar er det elverbedrifter og for studentar studentbedrifter. Dei er bedrifter akkurat som eit aksjeselskap, men med tilsyn og avgrensingar som skal hindre tap og erstatningsansvar, og blir avvikla når skuleåret er omme.
På Kroken er einaste ungdomsbedrift frå Nordfjord/Sunnmøre som har gått vidare til intervjurunden i NM-finalen. Arrangementet foregår på nett - av koronasmittevernomsyn - denne veka.

Korona-forseinkingar

Korona-epidemien har også vore den største utfordringa for På Kroken, seier dagleg leiar Ane Nythun Grønfur.
Selskapet har fått produsert krokane hos Nomek, ein av dei næraste naboane til Stryn Vidaregåande skule. Storparten av krokane er alt selde, men ikkje alle.
- No i koronatida har ting stoppa opp, seier Nythun Grønfur.

Trur det blir meir

Dagleg leiar Harold Wieldraaijer i gassbehaldarautomatprodusenten Vendanor har vore mentor for dei fire elevane bak På Kroken,
- Det manglar ikkje på idear, men å finne på noko unikt er ikkje like enkelt, seier han.
Han trur ikkje elevane treng å legge ideen på hylle når dei avviklar ungdomsbedrifta si.
- Eg har tru på at dette kan bli eit produkt for tida etterpå, seier Wieldraaijer.

Publisert: 06.05.2020 06:00

Sist oppdatert: 04.02.2022 14:59