Ap skrell i A Alesund Sp og Frp seglar opp i fylkestinget
UTSETT: Eva Vinje Aurdal (Ap) sin posisjon som ordførar i nye Ålesund kommune hang i ein tynn tråd ved midnatt. 
Nytt

Ap-skrell i Ålesund – Sp og Frp seglar opp i fylkestinget

Eva Vinje Aurdal sin posisjon som ordførar i Nye Ålesund er utsett. På fylkestinget seglar Sp og Frp opp som vinnarane.

Marius Rosbach
10.09.2019
Litt etter midnatt då alle stemmane var talt opp, var posisjonen til Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal utsett med ein tilbakegang for partiet på meir enn 11 prosent frå førre kommuneval. Her melder både Dag Olav Tennfjord (H) og Vebjørn Korgsæter (Sp) seg på i kampen om ordførarkjedet.
I Nye Ålesund med Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy som ei kommune – er Ap framleis det største partiet. Men ein oppslutnad på drygt 20 prosent er ein betydeleg tilbakegang.
Ålesundslista har stor framgang og får ei dobling av sine representantar i det nye kommunestyret som vil bestå av 77 representantar. Også MDG, Pensjonistpartiet og SV går fram – og Partiet De Kristne og Rødt får ein representant kvar. Venstre og Krf går tilbake.
(ekstern lenke)

Sp og Frp fram i fylkestinget

Ved midnatt kjempa Ap, Sp og Frp om å bli det største partiet i fylkestinget i Møre og Romsdal med meir enn 90 prosent av stemmane opptalt.
Ap må uansett notere seg for ein kraftig tilbakegang, medan Sp med Kristin Sørheim og Frp med Frank Sve seglar opp som aktuelle kandidatar til fylkesordførarvervet.
Også SV gjer eit godt fylkesval i Møre og Romsdal, og MDG, Pensjonistpartiet, Rødt låg an til å bli representert. Både Sunnmørslista og Uavhengig vallista for Sunnmøre var ute av fylkestinget kring midnatt.

Valskred for Sp

I kommunevalet har det vore valskred for Sp i Ørsta og Sykkylven. I Ørsta ligg Stein Aam og Sp på 45,7 prosent, medan Jan Ove Tryggestad og Sp i Stranda har fått heile 46,6 prosent.
Også i Sykkylven og Volda gjer Sp det godt.
Høgre held posisjonen i Sande og Herøy, medan Frp gjekk fram og er størst hos naboane i Ulstein og Hareid. I Ulstein har Knut Erik Engh og Frp 26,2 prosent, medan i Hareid har Oskar Grimsatad og Frp heile 31,5 prosent.
KrF gjer eit dårleg val, men i Giske ligg partiet an til å få heile 28,7 prosent.
I nye Fjord kommune – tidlegare Stordal og Norddal – er det Høgre som er vinnarane – medan Senterpartiet går tilbake. Sp er likevel største parti med 33,5 prosent oppslutnad.
I Sula går Frp fram, medan Ap og Krf går mest tilbake.
I nye Stad gjer Alfred Bjørlo eit godt val og Venstre er største parti. Det er også partiet i Vanylven, medan Ap er størst i nye Kinn.
(ekstern lenke)

Publisert: 10.09.2019 00:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39