Ap leiinga klare til aa halvere ferjeprisane
LÅGARE BILLETTPRIS: Fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen i Møre og Romsdal Ap omtalar gjennomslaget for å halvere ferjeprisane, som eit av dei viktigaste nokon gong for fylkespartiet. 
Nytt

Ap-leiinga klare til å halvere ferjeprisane

Møre og Romsdal med gjennomslag i moderpartiet for ein politikk som kan spare bedrifter og innbyggarar i fylket for ein kvart milliard årleg.

Marius Rosbach
28.01.2021
Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal har fått med seg ein samla programkomité og leiinga i partiet, til å gå inn for ei halvering av ferjeutgiftene her til lands.
Herøy Arbeidarparti ved Svein Gjelseth har vore mellom pådrivarane og forslaget har stått høgt på dagsorden i fylkespartiet.
– Møre og Romsdal er landets desidert største ferjefylke, og ikkje minst for oss som bur her ute på øyane, så kan dette bety enormt mykje, seier Gjelseth til NETT NO.

Treng fleirtal på landsmøtet

Det er landsmøtet til partiet som gjer endeleg vedtak, men både Gjelseth og fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen kjenner seg trygge på at forslaget vil bli offisiell Ap-politikk etter landsmøtet i midten av april.
Dei ønsker at endringa skal gjennomførast i løpet av den komande stortingsperioden og anslår prislappen til mellom 1 og 1,4 milliardar kroner.
– Det er aldri lett å få gjennomslag for endringar i milliardklassa, fordi ein då må seie nei til mykje anna. Men vi har hatt ein god dialog med partiet sentralt og møtt forståing for saka, seier Kjølmoen til NETT NO.
Auka ferjepriser har vore ei heit politisk potet, spesielt etter at Autopass-ordninga blei innført. Og i fjor samla eit ferjeopprør støtte i alle kystfylka.

Trur på styrka eksport

Norge har sakka akterut samanlikna med mange land når det kjem til eksport. Ap har sett som mål å auke eksporten med 50 prosent innan 2030, og viser til at næringane med størst vekstpotensial ligg langs kysten.
– På denne måten kan næringslivet og folk i Møre og Romsdal spare kring ein kvart milliard kroner kvart år i ferjeutgifter. Vi trur det kan vere ein vekstimpuls som vil styrke næringslivet og bidra til at vi får den veksten i eksporten som vi treng, seier Kjølmoen.
Han viser til at næringslivet i regionen – seinast under ei samling denne veka – peika på ferjeprisane som ein klamp om foten.
– Dei fortel at prisen for frakt av varer og tenester inn og ut av fylke begynner å bli så høg, at det påverkar heile verdikjeda negativt, legg fylkesleiaren til.

Staten skal ta rekninga

Noko av bakgrunnen for at ferjeprisane har blitt eit stridstema, er at fylkeskommunane har opplevd auka kostnader i omlegginga til elferjer.
Samtidig har stram fylkesøkonomi gjort at utgiftene i stor grad er lempa over på forbrukarane. Kravet frå fylkespolitikarane har vore at .
Endringane Ap vil jobbe for, skal gjelde for alle offentleg finansierte ferjesamband, og skal betalast av staten. Dei ser føre seg å lage eit felles reiseregulativ saman med fylka, der det blir innført ein makspris og ein harmonisering av takstane.

Les også:



Frank Sve:


Pendlar med ferje:



Synspunkt:


Publisert: 28.01.2021 19:00

Sist oppdatert: 22.03.2021 09:12