Nett.no Logo
Mega menyMega meny

NETT.NO Abonnement

Registrér ein konto på vår næringsportal for 129,- pr mnd, og få tilgang på:

  • Unike artiklar om økonomi og næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord, som du ikkje finn i andre publikasjonar!
     
  • Tilgang på tenester som Nytt om Namn, Synspunkt og stilling ledig.
     

Med abonnement har du tilgang til NETT NO på alle digitale plattformer - du kan lese når du vil, kvar du vil og i det formatet som passar deg.

129,- pr. mnd.
Strammar inn på eksportfinanskrav

HELST IKKJE HERIFRÅ: Avsløring av bruken av nordkoreanske arbeidarar på tvangsvilkår på polsk verft fekk Kleven til å skjerpe rutinene for kontroll av underleverandørar. Biletet er av ei folkemengde i Pyongyang i 2015 som ser sjefen tale på storskjerm. 

Strammar inn på eksportfinanskrav

Ei arbeidsgruppe med norske Giek i spissen jobbar for å presisere krava til eksportfinansiering i shipping og offshoresektoren. Det er bra for norsk industri.

ANALYSE

Garantiinstituttet for Eksportkreditt (Giek) har i fleire år arbeidd med krav knytt til helse-, miljø- og tryggleik (HMS) og tilsette sine rettar i bedrifter som er omfatta av den norske eksportkredittordninga. Etter avsløringa av slaveliknande vilkår hos Christ Shipyard i Polen, som Teknisk Ukeblad skreiv om i fjor, auka Giek innsatsen for å få kontrollert vilkåra også hos utanlandske verft som norske verft brukar som skrogleverandørar.

Eksportkredittordninga er ei internasjonal ordning der vilkåra er regulert i avtalen mellom medlemslanda i OECD, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling.

Ordninga gir statar høve til å medvirke til finansiering som skal stimulere eigen eksportindustri. I Noreg er det Eksportkreditt Norge som gir lån, medan Giek garanterar for at långivaren får pengane sine.

No står Giek i spissen for ei arbeidsgruppe i OECD for å etablere ein felles praksis når det gjeld krav til HMS og miljø- og arbeidstilhøve ved finansiering av mobile einingar og skip. Det seier Kamil Zabielski, som er leiar for gruppa som arbeider med berekraftspørsmål i juridisk avdeling i Giek.

Lukkast arbeidet vil det i praksis bety strengare internasjonale krav. For norske bedrifter, som er vane med fagforeiningar og offentleg tilsyn på heimebane, burde det vere lett å tilpasse seg ei eventuell innskjerping.

Strengare krav treng ikkje nødvendigvis bety dyre krav, men dei bedriftene som har system på plass for å handtere krava vil truleg få ein konkurransefordel.

Arbeidet i OECD-regi er difor bra for norske bedrifter. 

Det er bra fordi det kan fjerne konkurransen frå bedrifter med arbeidsvilkår langt under den standarden som blir godtatt i Noreg. Det fjernar ikkje skilnaden i lønsnivå mellom land, men det reduserer gapet i standarden for arbeidsvilkår.

Det er bra fordi felles regelverk - og skjerpa kontroll for både bedrifter og styresmakter - reduserer faren for fleire hendingar som det som skjedde i Polen. Omdømmemessig er dette eit minus. Kleven, som fekk bygd skrog ved Christ Shipyard, ville truleg gjerne vore hendinga forutan.

- Vi følger opp leverandørene våre kontinuerlig og har til enhver tid inspektører til stede. Vi ser at det arbeidet vi og andre norske selskap gjør, har ført til betydelige forbedringer når det gjelder HMS. Nå blir også dette arbeidet intensivert framover, sa kommunikasjonsjef Ellen Kvalsund til NETT NO i august i fjor.

Hittil er det krav til HMS-vilkåra som har vore hovudfokus når norske verft sjølv har vurdert utanlandske verft.

Giek oppmuntrar dei no til også å rette større merksemd mot tilsette sine rettar, samstundes som Giek arbeider i OECD for å etablere ein felles standard for finansiering av skip og mobile einingar.

Går det som Giek arbeider for, blir det også lagt større vekt på tilsette sine rettar og miljøkrav - både i produksjon og ved bruk av skip og installasjonar.

Det er ikkje snakk om å kopiere til dømes norsk regelverk og avtaleverk når det gjeld retten til å organisere seg og etablere sjølvstendige fagforeiningar. Det vil til dømes vere krav om ordningar som gjer at tilsette skal bli høyrt og kunne klage på arbeidsvilkår utan fare for straff eller å miste jobben.

Skal eksportkredittinstitusjonane gå lenger blir det fort eit spørsmål som må løftast opp på eit politisk nivå. Sett frå eit rikt industriland si side, med strenge krav i internasjonal samanheng, kan det vere fristande å gå for strengast mogleg krav også internasjonalt. Det er til dømes både rett og rimeleg at alle skal få organisere seg og etablere uavhengige fagforeiningar.

Bør statlege institusjonar som Giek og Eksportkreditt Norge bidra med finansiering der oppdrag blir plassert i land der slikt ikkje er lov? Er svaret nei, kva då med leveransar av utstyr og skipsdesign til verft i Kina?

Innan rammene for mandatet og det som er praktisk mogleg å oppnå på relativt kort sikt har arbeidsgruppa i OECD-regi truleg lagt seg på eit ambisjonsnivå der måla er realistiske. 

Siste artikler

Klimaleiande til sjøs - heng etter på land

I dag er det rundt 60 fartøy globalt som er heilelektriske eller batteri-hybrid. Nesten halvparten av desse er norske.

Kraftnettet tåler ikke at alle skal komme hjem fra jobb og lade elbilen sin

Kraftnettet må enten betydelig forsterkes, eller må energiuttaket fordeles utover et lengre tidsspenn.

Komplett-møblar møter motstand

Nettbutikken Komplett har gått inn i møbelbransjen, men dei tradisjonelle og etablerte butikkjedene strittar mot at norske møbelprodusentar skal selje der.

Trur dataangrep vert største utfordringa

Både Kongsberg og Rolls-Royce ser på cyber security som den største utfordringa rundt autonome skip.

NMK 2 offisielt åpnet

Framtida åpnet det nye bygget på NMK i dag.

Inmarsat satser på Sunnmøre

Ronald Spithout i Inmarsat Maritime er veldig glad for å kunne åpne stor avdeling på NMK i Ålesund i dag. 

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no
Annonse: annonse@nett.no / 40313030
Abonnement: abonnement@nett.no
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.