Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

Kontakt Magnus på tlf 95247209 / magnus@nett.no for eit godt tilbud på fleire abonnement til di bedrift. 

Teikn ditt abonnement her.

129,- pr. mnd.
Milliardauke vil merkast

SENTRUM: Det er butikkar og underhaldning i fleire etasjar i nybygget i Amfi Moa. Veksten senteret håpar på fram til og med 2020 er større enn dei årlege driftsinntektene til alle andre kjøpesenter i Nordfjord og Møre og Romsdal. 

Milliardauke vil merkast

Når Amfi Moa skal auke salet med over ein milliard kroner i løpet av eit par år så vil det merkast ein plass. 

ANALYSE

Frå 2014 til 2017 auka salet på kjøpesenteret Amfi Moa frå 2,7 til 2,84 milliardar kroner.

Når Olav Thon Gruppen no spår at butikkane, kafeane og underhaldningstilboda i Amfi Moa kan passere fire milliardar kroner i samla sal i 2020 er det snakk om ein formidabel auke på kort tid.

Les også: Thon sikter mot fire milliarder

Til samanlikning hadde ingen andre kjøpesenter i Nordfjord, Sunnmøre eller Romsdal inntekter på over ein milliard kroner i 2017, i følgje analyseselskapet Kvarud Analyse. Berre auken Amfi Moa ser for seg i handelen er altså større enn dei årlege inntektene til konkurrentane i nærleiken.

Legg til at butikkhandelen generelt er under press, mellom anna frå ein aukande netthandel. Ein analyse av varehandelen som Sparebank 1 SMN la fram i sommar viser at veksten i driftsinntektene til handelsbedriftene har vore svakt fallande sidan 2014 og at lønsemda har blitt stadig meir pressa. 

Les også: Tøffe tider for handel

Då banken nyleg la fram konjunkturbarometeret sitt for hausten 2018 var bodskapen den same.

- Det er rett og slett steinftøft å drive med varehandel, sa Vegard Helland, som er øverste leiar for utlån til næringslivet i Sparebank1 SMN. 

Les meir: Rekordår i fiske

Amfi Moa sine ambisjonar og den generelle utviklinga for butikkhandel tilseier at utvidinga på Moa får konsekvensar.

I første omgang blir det spennande å sjå korleis den nye fløyen hos Amfi Moa vil slå ut for butikkane i resten av senteret. Vil Amfi Moa bli sin eigen konkurrent? Det er langt til ytterkantane og nybygget skaper eit klart sentrum i senteret. Parkerer du for å gå inn i nybygget, kor langt vil du gå? 

I neste omgang er spørsmålet om Moa klarer å trekkje til seg fleire kundar frå nabokommunane både på nordre og søre Sunnmøre. Vil utvidinga på Moa får fleire til å fornye garderoben på Moa i staden for i Ulsteinvik eller Ørsta og vil folk frå Skodje la vere å stoppe på Digerneset og heller handle på Moa?

I tredje omgang er spørsmålet kva som blir effekten i Ålesund sentrum.

Der er butikktilbodet i Kongens gate, gågata mot Ellingsøyfjorden, blitt tynna ut på kort tid etter ein positiv periode der både butikkar og restaurantar etablerte seg.  Souvenirutsala - som delvis er sesongbutikkar - er i ferd med å kome i fleirtal blant butikkane - og kva får det å bety for restaurantane i gata?

Les også: Fra tom gate til travel millionbutikk

Les meir: Souvernimarkedet blir tøffere

Men det er truleg for enkelt å sjå utviklinga i Kongens gate berre som ein konsekvens av konkurransen frå Moa. Den generelle utvikling for handelen slår inn også i Kongens gate, som med sine få butikkar blir ekstra sårbar. Spørsmålet er og kor spreidd handelssentrum det er grunnlag for i Ålesund. Må frittståande butikkar på gateplan samle seg i gatene rundt Ålesund Storsenter for å klare seg?

Byar veks gjerne fram i trafikk-knutepunkt. Så lenge sjøvegen var dominerande var Ålesund midt i blinken. Når trafikken er flytta over på vegane er Moa ikkje til å kome utanom. Skal du frå nord til sør eller aust til vest på Sunnmøre må du gjennom Moa. Ålesund sentrum blir ein omveg for mange og det er ein ulempe for handelen i sentrum. Slik blir det så lenge bilen er det dominerande transportmiddelet. 

Men Moa får ein ekstra fordel av å kunne tilby gratis parkering. Plasseringa av bommar som skal kreve inn bompengar kjem og til å spele inn til fordel eller ulempe for sentrumshandelen. Sett frå butikkane i sentrum si side bør bommane ligge så nær Moa som råd for at flest mogleg av dei som bur i Ålesund kan køyre til sentrum utan å betale.

Om det blei gratis parkering og null bompengar blir Ålesund sentrum likevel ikkje eit trafikk-knutepunkt for heile Nordvestlandet. Sentrumshandelen må basere seg på dei som bur i sentrum eller har kortare veg til sentrum enn til Moa når dei skal handle.

Konsekvensen av den vurderinga er at det må bu fleire i sentrum. Fleire bustadar og eit attraktivt bumiljø er truleg den beste medisinen om Ålesund vil behalde sentrum også som eit handelssentrum.

Siste artikler

Skal doble salet på to år

Innan to år skal Arctic Nutriton nå 50 millionar kroner i driftsinntekter.

Her får Vartdal fiber

Ein 5 kilometer lang sjøkabel frå Hjørungavåg til Vartdal sikrar fibernett til Vartdal, Nordre Vartdal og Barstadvika.

Tommelen opp for Stordal

Norsk Sjømat på Stranda får oppdrettsløyve. Kan bety mange jobbar i Stordal.

Håpar å halde oppe framdrifta av skipstunnelen

Samferdsleministeren lovar ingenting, men kjem med positive signal etter at prisen på Stad skipstunnel er kutta kraftig.

Merkar oppsving i oljebransjen

Fem år etter oljeprisfallet i 2014 merkar transportkasse-produsenten Rufo på ny vekst frå oljebransjen.

Etterlyser samla plan

Det hastar å få ein plan for å samordne vindkraft- og fiskerinteressene, meiner styreleiar Paul Harald Leinebø i Fiskebåt Vest.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.