Nett.no Logo
Mega menyMega meny

NETT.NO Abonnement

Registrér ein konto på vår næringsportal for 129,- pr mnd, og få tilgang på:

  • Unike artiklar om økonomi og næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord, som du ikkje finn i andre publikasjonar!
     
  • Tilgang på tenester som Nytt om Namn, Synspunkt og stilling ledig.
     

Med abonnement har du tilgang til NETT NO på alle digitale plattformer - du kan lese når du vil, kvar du vil og i det formatet som passar deg.

129,- pr. mnd.
Gullunge-stempel på sviktande grunnlag

IKKJE PÅ TOPP: Det er ikkje Momentium sine festivalar - som Sommarfesten på Giske (biletet) - som har fått mest festivalstøtte frå Ålesund kommune dei siste åra. I åra 2012-2017 er det Matfestivalen som er vinnaren.

Gullunge-stempel på sviktande grunnlag

"Kommunens gullunge" skriv Sunnmørsposten i ein kommentar om festivalarrangøren Momentium. Er den det?

ANALYSE

Avisa er bekymra for at andre kulturaktørar kjem i skuggen av Momentium, som sist helg arrangerte festivalen Ålesund Live og tysdag hadde fått Sting til Color Line Stadion.

Les heile kommentaren her

Sunnmørsposten nemner blant andre rockebaren Vega som døme på tilbod som har forsvunne, etter at Terminalen Byscene kom i full drift i 2015. Terminalen Byscene er eigd av Ante Giskeødegård og Lars Berg Ødegårds selskap Ante og Lars Holding, som også eig Momentium.

"Små og store aktører trenger plass og rom til å fungere side om side slik at kulturlivet kan fortsette å blomstre. Som kjent har alle elevene i klassen behov for å bli sett, ikke bare gullungen.", skriv avisa.

Sett blir kulturaktørar mellom anna gjennom omtale i Sunnmørsposten. Sunnmørspostens omtale av rockebaren Vega er heller sparsom.

Eit søk i Sunnmørsposten sitt arkiv gjennom databasen "Retriever", som er eit felles arkiv for norske aviser, viser at søkeordet "American Rock Bar & Cafe", namnet på selskapet som dreiv baren, gir 20 treff. (Databasen registrerer smått og stort, og fleirtalet av dei 20 treffa er frå avisa sine kortfatta oversikter over kulturtilbod). Etter 2012 er det ingen treff, med unntak av ein artikkel i 2015 om at grunnleggaren legg ned, og ein artikkel om at dei som tok over for å drive vidare gjekk konkurs.

Det kan hende databasen ikkje fangar opp alt, så ta høgde for at det er snakk om eit cirkatal.

Men det er neppe så mange fleire at talet på artiklar kan måle seg med resultatet om du søker på "Momentium" i same databasen. Det gir 396 treff i Sunnmørsposten-arkivet.

"Jugendfest", ein av festivalane Momentium arrangerer gir 447 treff. Ein annan festival, "Sommerfesten på Giske" gir 276 treff.

Ei oversikt frå Ålesund kommune over kva for festivalar som har fått støtte frå og med 2012 viser at Momentium fekk 250.000 kroner i 2012, 50.000 kroner i 2013 og 50.000 kroner i 2014. Etterpå er det ingenting. Tilsaman i åra 2012-2016 er det snakk om 350.000 kroner i festivalstøtte til Momentium. 

Her er heile lista over mottakarane, rangert etter storleiken på støtta og med summen i parantes:

1. Matfestivalen (1.216.000)
2. Prosjektkontoret (926.670)
3. Momentium (350.000)
4. Tall Ship Races (289.742)
5. Ålesund Teaterfestival (259.000)
6. Åelsund Båtfestival (225.000)
7. Seniorfestivalen (85.000)
8. Jazzsirkelen (25.000)

Matfestivalen har fått støtte kvart år, dei andre i mellom eitt og fire år.

Nummer to på lista, Prosjektkontoret, er kommunen sitt prosjektkontor i samband med Tall Ship Races-arrangementet, i følgje Ålesund kommune. Saman med den direkte løyvinga til arrangementet betyr det at Tall Ship Races samla sett fekk hårfint meir enn Matfestivalen i åra 2012-2016.

Løyvingane for 2017 er nettopp klare. Der er lista slik, frå topp til botn, med kronebeløpet i parentes.

1. Ålesund Båtfestival (150.000)
1. Matfestivalen (150.000)
3. West Nordic International Filmfestival (50.000)
4. Ålesund Kammermusikkfestival (40.000)
5. Sea Side Soul/Ålesund Soul Children (20.000)

Er dette å gjere Momentium til ein gullunge?

Det stemmer at Terminalen Byscene mottok støtte til etablering, tilsaman i overkant av tre millionar kroner. Men støtta kom ikkje frå kommunen, men frå Stiftelsen Kjell Holm, Sparebanken Møre og Musikkutstyrsordninga. Det siste er ei statleg ordning som finansierer lydanlegg, og som same år som Terminalen Byscene fekk støtte også støtta Studenthuset Rokken i Volda. 

Stiftelsen og Sparebanken er private verksemder, musikkutstyrsordninga er statleg, bygget som Terminalen Byscene leiger er privat og Terminalen Byscene er eit privat eigd aksjeselskap.

Er Ålesund kommune involvert? Nei.

Kan kommunen diktere kva Stiftelsen Kjell Holm og Sparebanken Møre skal dele ut av støtte? Nei.

Hadde andre høve til å klekke ut ein liknande ide og søke om den same støtta som Terminalen Byscene fekk? Ja.

I Ante og Lars Holdings siste etablering, bryggeri/pub-selskapet Molo Brew, hadde kommunen ei rolle. Bygget selskapet leiger er eigd av Ålesund kommune sitt eigedomsselskap, som vurderte Molo Brew som ein meir attraktiv leigetakar enn konkurrenten og det einaste reelle alternativet, Aggregat aterlierfellesskap. Potensialet for å skape aktivitet i området var større med Molo Brew enn atelierfellesskapet, meinte det kommunale eigedomsselskapet. Dessutan vann Molo Brew på ein betre finansieringsplan i følgje Sunnmørspostens referat av vedtaket i mai 2016.

Eigedomsselskapet kunne lagt andre kriterium til grunn i vurderinga, men når ønskje om å skape aktivitet i området blei lagt vekt på, er det ikkje ei urimeleg favorisering av Molo Brew å prioritere som det kommunale eigedomsselskapet gjorde. 

Molo Brew er for øvrig privat finansiert, med lånte pengar og investorar med på laget.

Les også: Bryggeri med brusprodusent med på laget

Kommunens kontrollutval konkluderte fredag i denne veka med at Ålesund kommune braut regelverket då den ikkje ba om konkurrerande tilbod på jobben med å planlegge og lage ein grafisk profil for konferansen/festivalen The North West - eit arrangement som skal styrke og vise fram Ålesundsregionen. Konsulentoppdraget gjekk til Momentium Event og All Heart, to datterselskap av Ante og Lars Holding og søsterselskap av festivalarrangøren Momentium.

Prisen for oppdraget var 380.000 kroner.

Konklusjonen frå kontrollutvalet blir sikkert ståande og kommunen skjerpar vonleg sine rutiner, om ikkje anna for å sleppe støyen som denne saka førte med seg.

Men er ei feilvurdering i kommuneadministrasjonen i tildeling av eit konsulentoppdrag i denne storleiken nok til å konkludere med at Momentium er "gullungen" til kommunen?

Siste artikler

Møre Hus med høg aktivitet

Møre Hus har fleire bustadprosjekter på gong og har hatt godt sal både i fjor og i år. 

Artec Aqua ser mot nye arter

Artec Aqua er i gang med å utvikle oppdrettsanlegg for marine arter.

Waves4Power frir til Nordvestlandet

Bølgjekraftselskapet Waves4Power skal hente inn 15 millionar i ny eigenkapital, og vil ha investorar på Nordvestlandet med på laget. Ser mot oppdrettsbransjen som ny marknad.

Saferoad i pluss

Saferoad ventar ein veksande marknad i åra framover trass liten vekst i første halvår.

Aksjar for 10.000 til alle

Alle tilsette i Fjord1 får aksjar for 10.000 kroner i selskapet.

Oppdrett skal gi Frøystad ekstra vekst

Fiskevegnprodusenten Frøystad i Herøy har dobla driftsinntektene på to år, og ventar ny dobling innan to-tre år.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no
Annonse: annonse@nett.no / 40313030
Abonnement: abonnement@nett.no
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.