Amerikansk fondstopp inn i Fjord1 styret
FJORD 1: Reuben Munger og Birthe Cecilie Lepsøe vert nye styremedlemar i Fjord1.
Nytt

Amerikansk fondstopp inn i Fjord1-styret

Toppsjef Reuben Munger i Vision Ridge Partners går inn i Fjord1-styret. Det gjer også Birthe Cecilie Lepsøe.

10.01.2020
Dei to skal formelt veljast på ekstraordinær generalforsamling 14. januar.
Dei to skal erstatte Fredrik Mohn og Brita Eilertsen som trekte seg i protest frå styret etter at Havila kjøpte seg opp til å eige 66,5 prosent i transportselskapet, og samstundes inngjekk strategisk partnerskap med Vision Ridge.
I ei børsmelding vart det opplyst at dei to aktørane vil samarbeide om å utvikle Fjord1 til å verte eit integrert transport- og reiselivsselskap, inkludert å vurdere å leggje Havila Kystruten inn under Fjord1.

Colorado og New York

Det amerikanske fondet eig frå før rundt fire prosent av Fjord1, men no foreslår Nina Skage og Anders Talleraas i valkomiteen i Fjord1 at Munger og Lepsøe vert valde inn i styret for 1,5 år.
Vision Ridge vart etablert av Reuben Munger i 2008. Han kom då frå The Baupost Group, der han tidlegare var partnar.
Etter starten har det Colorado- og New York-baserte selskape investert for over ein milliard USD i ulike selskap.

Berekraft

På opplyser selskapet at ein har spesialisert seg på berekraftige investeringar, og har gjort investeringar i blant anna energi, landbruk, transport og eigedom.
Eitt av selskapa fondet har investert i er Vision Fleet, som satsar stort på transport med hybride og elektriske fartøy.
Hittil har Vison Ridge Partners berre hatt investeringar i USA, og Fjord1 er dermed første satsinga utanfor USA.
Valkomiteen viser til Munger har ei rekkje styreverv i større selskap, og har også hatt ei rekkje leiande posisjonar.

Bergens-rådgivar

Birthe Cecilie Lepsøe driv sitt eige rådgivingsselskap og er i tillegg assosiert partner i Vest Corporate Advisors.
Ho har 20 års erfaring innan finansiell leiing, rådgiving og har ei rekkje styreverv, blant anna i Sparebank1, SR Bank, Belships og fleire selskap i Smedvig-gruppen.
Ho bur i Bergen.
Munger er 46 år gamal, Lepsøe er 48.
Styret består forøvrig av Havila-representantane Per Sævik og Vegard Sævik (styreleiar), samt Siri Hatland, Atle Olav Trollebø og Terje Hals, med Thomas Rakstang og Daniel Nedrelid som observatørar.

Publisert: 10.01.2020 15:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49