Allsidig mathus i vekst
ARVELEG BELASTA: Jon Robert er tredje generasjon som driver sal og produksjon av mat i familien Moen. Ved Meny-butikken i Fosnavåg har dei mellom anna produksjon av pålegg og ulike kjøttprodukt. 
Nytt

Allsidig mathus i vekst

Meny-butikken i Fosnavåg lagar alt frå eigne karbonadar til ostar - og er godkjend som fiskemottak. Kjøpmann Jon Robert Moen kan sjå tilbake på eit år med vekst og prestisjepris.

Marius Rosbach
21.02.2020
Selskapet som driv Meny-butikken i Fosnavåg, heiter formelt Moens Mathus – noko som er dekkande for verksemda. Butikken er noko meir enn ein vanleg daglegvare - og stadig større eigenproduksjon.
– Vi forsøker vere oppfinnsame med å lage produkt vi trur kan trekke til seg kundar, og strekk strikken langt for å gi folk ein grunn til å kome for å besøke, seier kjøpmann Jon Robert Moen da han tek i mot NETT NO i butikken.

Kundar frå Molde og Måløy

Noko rett må dei gjere, for hit kjem folk frå Molde i nord til Måløy i sør – og store delar av Sunnmøre.

– Kring juletider er det spesielt hektisk. Då er det dampa môr og pinnekjøt som går unna, fortel han.
Sjølv om dei er mellom dei minste Meny-butikkane, har dei stor eigenproduksjon. Dei er ein av få butikkar i landet som er godkjend som fiskemottak, og har eigenproduserte varer i alle avdelingar – utanom fruktavdelinga.
I tillegg til bakeriavdeling, har dei også sitt eige merke med kjøtprodukt – Moens Mat.
Kjøpmann Moen ramsar opp påleggsprodukt som laukkrull, sylta flesk, lammerull, blodpølse og to ulike spekepølser. For ikkje å gløyme snackspinnar av môr.
– Karbonadar er nok bestseljaren gjennom heile året, seier Moen.

Les også:



Tre kokkar og ein slaktar i ferskvara

Kjøpmannen er arveleg belasta og bestefaren starta pølsemakeri og kjøtforretning då han kom til Fosnavåg på 1930-talet. Etterpå tok faren Ronald det vidare, og no er det Jon Robert som leiar familiebedrifta.

I dag er dei kring 25 tilsette fordelt på om lag 14 årsverk. Han sett sin stoltheit i at dei har god kunnskap om faget sitt.
– Vi har tre kokkar og ein butikkslaktar i ferskvareavdelinga, så fire av ti av fagutdanna, fortel han.

Vann prestisjepris

Det var nok utslagsgivande for at dei i haust blei kåra til «Årets Matgledebutikk 2019», ein landsdekkande konkurranse der alle kjedene nominerer sine butikkar. Førsteplassen hengt høgt i bransjen.
– Vi er veldig god nøgde med å hevde oss bra i den konkurransen. Det viser at vi gjer noko rett i høve matglede og mangfald i tilbodet, seier Jon Robert Moen.
Dei gjekk også til topps i 2009 og kom på ein tredjeplass i 2015.

Vekst i tøffare konkurranse

Tøffare konkurranse i daglegvarebransjen i Fosnavåg ga omsetninga ved Meny Fosnavåg ein dupp i 2017 og 2018. I fjor kraup dei igjen over 50 millionar, og enda på knappe 52 millionar.
– Det er ein vekst på cirka fire prosent frå 2018, og det er vi nøgd med, seier han.
For nokre år sidan kom ein Rema 1000-butikk til sentrum og i fjor opna også Europris.
– Med tanke på at innbyggartalet samtidig er stabilt, har vi gjort det rimeleg bra, legg han til.

To filmteam på besøk

Trass ein hektisk kvardag med tøffare krav til effektivitet og matsvinn, er kjøpmannen blidheita sjølv medan han fortel om drifta.
Kanskje er det ikkje så rart at to filmteam nyleg har vore på besøk, for å høyre Jon Robert fortelje som arbeidet dei gjer. Resultatet skal brukast i reklamefilmar for Meny-kjeda og Tine.
– Den eine handlar om butikken og alt vi driv på med, medan den andre er mest om fiskemottaket, ei status vi fekk for fire år sidan. Vi er mellom nokre få butikkar som kan kjøpe fisken rett frå sjarken. Vi har både breiflabb, flyndre, torsk også vidare i fiskedisken, fortel han.
Dei forsøker å handle mest mogleg lokalt. Mykje råvarer kjem også frå Johs. Jacobsen Kjøtt i Volda og lakseslakteriet til Mowi på Eggesbønes.

Les også:




Publisert: 21.02.2020 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53