Alle pilar peiker opp for Dimo
GODT DRIV: Dagleg leiar Stian Garnes (t.v.) og  sal- og marknadssjef Einar Warholm i Dimo har opplevd gode år - og har god ordretilgang så langt i år. 
Nytt

Alle pilar peiker opp for Dimo

Hareid-bedrifta går mot straumen - og omsetning, overskot, ordreinngang og tilsette går opp. 

Marius Rosbach
30.03.2020
Dimo på Hareid hadde ei motstraums utvikling gjennom store delar av offshorenedturen. No når koronakrisa rammar store delar av næringslivet på Nordvestlandet, held Hareid-bedrifta fram å vekse.
– Det er klart at vi er nøgd, og vi har hatt ei formidabel ordreinngang så langt i år. Men det er klart at ingen veit kor dette endar, seier dagleg leiar Stian Garnes til NETT NO.
Nokre tilsette har naturleg nok vore heime med barn, medan andre som ikkje har kjent seg heilt friske, er bedt om å halde seg heime inntil vidare.
Hydraulikkbedrifta reknar likevel med at dei kan bli råka meir om dei omfattande smitteverntiltaka held fram.

Reisereglar oppheva

Til fredag hadde Hareid som ein av fleire kommunar innført 14 dagars karantene for innbyggarar som kjem til kommunen frå mellom anna Austlandet.
Fleire organisasjonar frå næringslivet har vore kritisk til dette, og Dimo opplevde utfordringar og usikkerheit hos kundane. Før helga tok til, oppheva både Hareid, og fleire andre kommunar reglane.
– Det er sjølvsagt positivt for vår del ettersom mykje av serviceaktiviteten vår er nasjonal. Vi opplevde usikkerheit hos kundane våre, og har frykta at vi måtte permittere på service fordi reiseaktiviteten blei avgrensa, fortel Garnes.
Søndag kveld blei regjeringa, NHO, LO og KS , etter eit fleire timar langt krisemøte. Det er likevel framleis mogleg å ha lokale reglar. Mellom anna Fjord, Strande og Sykkylven har heldt på sine.

Nådde milepåle før tida

Dimo hadde eit mål om å nå 100 millionar i omsetning i løpet av 2020. Det målet nådde dei allereie i fjor då inntektene enda på 104 millionar (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).

99 millionar av omsetninga gjekk til Norge og den maritime marknaden er framleis viktigast.

Les også:


Auke på 38 prosent sidan 2018

Resultatet svarar til ei auke i inntektene på 38 prosent frå 2018. Saman med ein driftsmargin på meir enn ti prosent, gir det også ei solid styrking av eigenkapitalen og rom for utbytte.
Bakgrunnen for dei gode resultata kjem mellom anna av ein på eit nytt energisparande hydraulikksystem til ferjer og fiskebåtar. Også innan offshore såg dei ei auke i omsetninga i fjor, skriv styret i .

Les også:


Held tett kontakt med leverandørar

Talet på tilsette har også skote i veret dei fire siste åra, frå i underkant av 20 personar, til nærare 40.
– Vi oppretthald fullt køyr i produksjonen. Om denne situasjonen varar eit par månader, skal ikkje dette ramme oss hardt. Men om det blir lengre, kan vi få problem, seier han.
No held dei tett kontakt med leverandørane sine, som kan vere ein faktor som skapar problem i tida framover.
– Førebels seier alle det dei ikkje ser mørke skyer i horisonten på kort sikt, men vi veit jo at problem kan oppstå, legg Garnes til.

Les også:




Om denne situasjonen varar eit par månader, skal ikkje dette ramme oss hardt. Men om det blir lengre, kan vi få problem

Publisert: 30.03.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55