Alle maa gjere meir for mindre
OFFSHORE: Offshoreanalytikarar Inger-Louise Molvær vert dagleg kontakta av frustrerte offshoreleiararar som jaktar etter oppdrag det er muleg å tene pengar på. Ho ser ikkje så mange lyspunkt før 2017.
Nytt

- Alle må gjere meir for mindre

Offshoreanalytikar Inger-Louise Molvær slit med å finne lyspunkt for frusterte offshorereiarar. Ho ber alle førebu på seg at spelereglane er endra.

30.11.2015
- Vi må rett og slett finne oss i å gjere meir for mindre, seier ho.
Molvær er offshoreanalytikar i Kristiansand-baserte Westshore. Ho har tett kontakt med dei ulike aktørane, og legg ikkje skjul på at situasjonen er tøff.
- Det er mange av dei som ringjer som er tydeleg deprimerte over situasjonen.
- Eg skulle så gjerne gitt dei gode nyheiter, men akkurat no er det langt mellom lyspunkta.

Perfekt storm

Ho snakkar om 'the perfect storm', der ei rekkje negative forhold slår inn på same tid, noko ein spesielt ser i Nordsjøen.
Her har talet på båtar auka kraftig på kort tid samstundes som oljeprisen har stupt. Dette har ført til at oljeselskapa har redusert aktiviteten, antal operative riggar er halvert på eitt år, og i tillegg vert ratene pressa ned på det som finst av oppdrag. Og på toppen av det heile kom Petrobras-skandalen med terminering av kontrakter og blokkering av fartøy.

Liten rateeffekt av opplag

Hittil er 37 riggar lagde i opplag, og nye sju er planlagt lagde i opplag. Endå sju er det usikkerheit rundt.
- Vanlegvis er det mange oppdrag for ankerhandterarane dagleg. No kan det gå fleire dagar mellom kvar gong det er etterspørsel etter ein ledig ankerhandterar, seir Molvær.
Det ser heller ikkje ut at det hjelper på ratene å leggje skip i opplag. Ratene har ikkje gått opp, sjølv om det nærmar fort nærmar seg 100 norske offshoreskip i opplag.
- Spelereglane ser ut til å vere endra, og det kan vere snakk om ei varig endring, seier Molvær.

Taper pengar

Dei faktiske tala viser at spotratene har falle dramatisk. For PSV-ar var gjennomsnittleg dagrate i 2014 på 127.048 kroner. Snittet hittil i 2015 er på 59.922 kroner. Dette er ei halvering og er i snitt under operasjonskostnaden for selskapa.
Særleg betre er det ikkje for ankerhandterarar. Her var snittrata i 2014 på 328.721 kroner. I 2015 er snittet 170.093 kroner, ein nedgang på 45 prosent.
Berre i deler av mai og juni i år har spotratene for ankerhandterarar i snitt vore over operasjonskostanden for offshoreselskapa. Resten av året har ein gått med tap.

Skip til lusekamp

Molvær seier at alle leitar med lys og lykter etter nye oppdrag og nye område skipa kan brukast i. Nyleg var Rem Offshore-skip i arbeid for oppdrettsselskap for å frakte ferskvatn til lusekamp.

Andre håpar på meir oppdrag i offshore vind, medan atter andre ser etter bruk av fartøy til bustadformål.
- Lite tyder på at 2016 vert betre, men farta på nedturen vil gradvis avta, seier Molvær.

Ny fart i 2017

Men det finst nokre få lyspunkt, litt opp og fram. Det er fornya interesse for deler av Barentshavet, og det er store forhåpningar til aktivitet på Maersk Oil-opererte Culzea-feltet og Wintershell-opererte Maria-feltet.
Dei britiske Statoil-felta Mariner, Catcher og Bressay vil generere aktivitet, og det er på gang ei rekkje store offshore vind-prosjekt.
- I 2017 ser det på nytt ut til å verte stor aktivitet, seier Inger-Louise Molvær.
I 2017 ser det på nytt ut til å verte stor aktivitet

Publisert: 30.11.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50