Alle fiskebaatar skal sporast
FULL KONTROLL: Sjølv dei minste fiskebåtane skal kunne sporast og all fangst rapporterast elektronisk.
Nytt

Alle fiskebåtar skal sporast

– Målet vårt er at det må bli vanskelegare å omgå lova uoppdaga, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen. Sjølv den minste fiskebåt skal no kunne sporast.

Administrator
13.01.2021
NPK-NTB: Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) lanserer ny offensiv mot juks i fiskerinæringa med meir elektronisk sporing, uavhengig vegesystem og meir kontroll.
Statsråden presenterte ein ny handlingsplan mot fiskerikriminalitet onsdag.

– Målet vårt er at det må bli vanskelegare å omgå lova uoppdaga. Samtidig vil kriminelle aktørar finne vegar for å omgå lovverket. For å stoppe desse kriminelle må det sterkare lut til, sa Ingebrigtsen
Statsråden seier at betre dokumentasjon, digitalisering og ein meir effektiv fiskerikontroll skal gjere det vanskelegare for uærlege fiskeriaktørar å lure seg unna.
– Det må på plass ein meir effektiv og smartare ressurskontroll med ny teknologi og nye digitale løysingar for å ta opp kampen mot dei som driv ureint spel, sa Ingebrigtsen

Alle fiskefartøy skal sporast

Det viktigaste tiltaket er satsing på digitalisering og dokumentasjon. Alle fiskefartøy skal sporast med det sikre sporingssystemet VMS, og alle skal rapportere fangst gjennom det elektroniske systemet ERS. Alle fiskefartøy skal sende melding om når og kvar dei skal lande fisken.
Krava skal gjelde frå 1. januar 2022, men vil bli sett i verk puljevis for flåten under 15 meter.
– Vi ønskjer at haustinga og omsetninga skal dokumenterast av ein uavhengig tredjepart. På den måten blir alle opplysningar korrekte, og vi vil få dokumentasjon på om lover og reglar blir følgde eller ikkje, sa Ingebrigtsen.

Vegesystemer

I løpet av våren vil det komme eit konkret forslag til nye vegesystem som skal forhindre juks på fiskebruka. I dag er det ingen uavhengig tredjepart som sjekkar om fangsten som blir skriven inn på sluttsetelen, er korrekt eller ikkje.
Det blir òg sett ned eit ekspertutval som skal vurdere reaksjons- og straffeheimlar i lovgivinga.
– Vi må slå hardt ned på all form for fiskekrim. Eg meiner dei som bryt reglane, må bli møtt med strenge reaksjonar, sa fiskeri- og sjømatministeren.

Ny tipsløysing

Økokrim-sjef Pål Lønseth var òg til stades. Han opplyste at det vil bli lansert ei ny tipsløysing som skal gjere det enklare å varsle om fiskerikriminalitet.
– For Økokrim er ei av dei største utfordringane med å etterforske fiskekriminalitet å få verifiserbare data frå alle ledd i fiskerinæringa. Det gir eit betydeleg handlingsrom for misferder i ein av dei viktigaste næringane i landet, sa Lønseth.

Publisert: 13.01.2021 15:50

Sist oppdatert: 18.03.2021 08:39

Mer om