Aktiviteten tek seg opp igjen for bustadbyggjar
FLISNES, ÅLESUND: Roar Eiken i Din Bolig har starta opp store prosjekt i 2017 og har forventningar til at desse skal utvikle seg positivt og gje grunnlag for god inntening nærmaste åra. Her frå eit pågåande større prosjekt på Flisnes - Storfjord Allè - som består av totalt 64 bustader fordelt på einebustader, rekkehus og leiligheiter.
Nytt

Aktiviteten tek seg opp igjen for bustadbyggjar

Aktiviteten til Norgeshus Din Bolig har tatt seg noko opp igjen etter eit par svake år. 

Kristin Vidhammer
20.07.2018
Din Bolig AS representerer Norgeshus og marknaden omfattar kommunane Volda, Ørsta, Ålesund, Sula, Vestnes, Skodje, Ørskog og Haram.
Selskapet, som er eigd av Roar Eiken, vart etablert på tampen av 2005. Dei har hovudkontor i Ørsta og også kontor på Eidsnes ved Ålesund. Din Bolig AS satsar hovudsakleg på feltutbygging og fleirmannsbustadar, men også einebustadar, hytter og garasjer i Norgeshus regi.
Særleg 2012 og 2013 var gode år for selskapet, då dei hadde driftsinntekter på 110 og 130 millionar kroner og eit resultat før skatt på 36 millionar både i 2012 og 2013. Dei fire siste åra har aktiviteten gått noko ned og der dei har hatt ei omsetning i størrelsesorden 70-80 millionar kroner årleg.

Bedra resultatet i fjor

I fjor enda omsetninga på 78 millionar kroner og resultatet før skatt vart 7,2 millionar. Dette er høgare omsetning og betre resultat enn året før (sjå tabell).
Dei har hatt relativt stor vekst sidan etableringa, og styret skriv i årsmeldinga at 2015 og 2016 har vore unntaksår fordi dei har arbeidd med fleire større prosjekt som ikkje har materialisert seg i inntekter endå.
I tillegg har bemanningssituasjonen ikkje vore optimal deler av desse åra, men at det no er tilsett personale som gjer selskapet i stand til å utvikle seg positivt vidare.

Store prosjekt og forventar god inntening

- Det er gode prosjekt som er starta opp i 2017 og vil gå over fleire år. Styret har forventningar til at desse skal utvikle seg positivt og gje grunnlag for god inntening nærmaste åra, skriv Roar Eiken i årsmeldinga for i fjor.
Med utsikter til stabilt lågt rentenivå, er det styret si oppfatning at etterspurnaden for bustader vil vere god også dei nærmaste åra.
Selskapet hadde ca. seks årsverk i fjor. Selskapet hadde ved årsskiftet ein bokført eigenkapital på 107 millionar kroner, det tilsvarer ein eigenkapitalandel på 45 prosent. Selskapet er ein del av Eiken Holding-konsernet.

Publisert: 20.07.2018 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24