Aksjonerte mot vindkraftverk ved fuglefjellet
Frå aksjonen i helga. 
Nytt

Aksjonerte mot vindkraftverk ved fuglefjellet

Ornitologar og fiskarar markerte si motstand på Runde mot Havsul 1.

06.07.2020
(NPK-NTB): Både ornitologar og fiskarar deltek laurdag i ein aksjon på Rundebranden, det tredje største fuglefjellet i Noreg, i protest mot planane om eit vindkraftverk i nærleiken.
– Vindkraftverket skal byggjast midt i matfatet til dei hekkande fuglane. Vi er redde det er siste spikaren i kista for fuglefjellet på Runde, skriv Maria Runde, som representerer aksjonsgruppa mot vindkraftplanane, i ein e-post til NTB.
Aksjonen skjer på den 300 meter høge Rundebranden laurdag ettermiddag. Området er freda av omsyn til fuglelivet.
Konsesjonen gitt i 2008Kraftverket heiter Havsul 1 og skal byggjast på ei grunne seks kilometer frå land ved Harøya på Sunnmøre, eit stykke nord for Runde. Konsesjonen vart først gitt i 2008, men bygging er ikkje sett i gang. NVE har to gonger forlengt fristen for utbyggjarane, og no har dei frist til 2025 med å kome i gang.
Det er gitt konsesjon til å byggje opptil 117 vindturbinar, men utbyggjarane har opplyst at det mest aktuelle er å byggje 35 turbinar, med ei totalhøgd på 205 meter, ifølgje NRK.

Fryktar konsekvensar for fisk og fugl

Norsk Ornitologisk Forening er blant dei som åtvarar mot utbygginga, fordi grunna har rike fiskeførekomstar. Dei fryktar at lundefugl og annan sjøfugl vil flyge inn i turbinane og dessutan miste tilgang til mat dersom utbygginga gjer at fiskebestanden går ned.
Også bransjeorganisasjonen for havfiskeflåten, Fiskebåt , har protestert.

(©NPK)

Publisert: 06.07.2020 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59