Aker Biomarine vil ikkje til Volda
STRID: Kven eig tekonologien ombord i krilltrålaren Juvel? Det skal retten avgjere, men først må Høgsterett ta stilling til kvar rettsaka skal førast. 
Nytt

Aker Biomarine vil ikkje til Volda

Rettsaka om retten til fabrikkteknologien ombord i krilltrålaren Juvel er utsett etter strid om kvar rettsaka skal førast.

25.07.2018
Striden om teknologien står mellom Aker Biomarine og Rimfrost, men før saka kan takast opp til doms må det avgjerast kva for domstol som skal ha saka.
Aker Biomarine er eigd av Kjell Inge Røkke-dominerte Aker, Rimfrost av Stig Remøy.
Borgarting Lagmannsrett kom 12. mars i år til at Søre Sunnmøre Tingrett i Volda er rette domstol.
Rettsaka vart fastsett å starte 20. august i år, og det vart sett av fem dagar.

Neste år

Aker Biomarine anka avgjerda i Borgarting Lagmannsrett til Høgsterett, der ankeutvalet kom til at Høgsterett skal behandle anken. Dermed blir det ikkje rettsak i Volda, i alle fall ikkje i denne omgang.

Aker Biomarine meiner Oslo tingrett er rette domstol.
Høgsterett vil truleg avgjere plassering av rettsaka i løpet av hausten, noko som gjer at striden om retten til teknologien ombord i Juvel sannsynlegvis først kjem opp i tingretten neste år.

Strid om teknologi

Aker Biomarine kjøpte krilltrålaren Juvel etter konkursen i krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries i 2017. Emerald Fisheries var eigd av Stig Remøy.

Medan Aker Biomarine meiner rettane til teknologien ombord var med på kjøpet, meiner Rimfrost at teknologien tilhøyrer Rimfrost.
Gjennom Rimfrost ønsker Remøy å byggje ny båt og starte krillfiske på nytt.

Publisert: 25.07.2018 09:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24