Aker Biomarine og Rimfrost paa same scene
PÅ SAME SCENE: Aker Biromarine sin forskingsdirektør Andreas Berg Storsve (i midten), saman med direktør for produktutvikling, Erik Digman (t.v.) og laboratorieleiar Knut Fredrik Seip på NCE Blue Legasea sin klyngesamling i Ålesund i 2017. No kjem Storsve tilbake til Ålesund for å halde foredrag om same tema som forskningssjef Inge Bruheim i konkurrenten Rimfrost.
Nytt

Aker Biomarine og Rimfrost på same scene

NCE Blue Legasea samlar bransjen for lære om korleis det kan hentast større verdiar ut av havet.

15.03.2019
Krillselskapa Aker Biomarine og Rimfrost har møttes ofte i rettsvesenet siste åra, men på NCE Blue Legasea sin fagdag om celle-, dyre- og kliniske studiar stiller begge for å dele sin kunnskap om kva som må til for å kartlegge og utvikle verdiane i marint råstoff.

Begge stiller med sine forskingssjefar, Andreas Storsve frå Aker Biomarine og Inge Bruheim frå Rimfrost - og begge skal svare på kva bransjen treng av forsking framover.
Fagdagen blir arrangert tysdag 26. mars, men ei rekkje foredragshaldarar frå fleire vitskaplege miljø.

Utvida satsing

På tampen av 2018 fekk næringsklynga NCE Blue Legasea status som Norwegian Centre of Expertice, som betyr fem millionar kroner i årleg støtte i fem år framover.

Då hadde klynga allereie auka satsinga på kartlegging av kva som finnes av vitskaplege studiar og dokumentasjon om helseverknaden av olje-, protein- og beinmjølprodukt frå fisk og annen sjømat ved å tilsette Svein Erik Gaustad prosjektleiar i Marine for Health-prosjektet.

No er tilsett som prosjektleiar for å utvikle samarbeid og innovasjonsprosjekter mellom fiskeflåte, utstyrsleverandører og prosessindustri. Ho kjem frå jobben som sjef for rekruttering- og kompetanse prosjektet SETT SJØBEIN.

Vise fram analysekapasitet

Nordvestlandet er eit tyngdepunkt for bedrifter som driv vidareforedling av fiskeolje, fiskeprotein og fiskemjø, og eitt av formåla med fagdagen er å vise fram kva som er av analysekapasitet både regionalt og nasjonalt.
Fagdagen blir avslutta med ein diskusjon der deltakarane skal diskutere korleis bransjen kan samarbeide best mogleg.

Publisert: 15.03.2019 17:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32