Afrika eventyr vart mareritt
OPPDRETT: Tunisia-satsinga vart eit mareritt for Sande-selskapet Brimer og adm. dir. Jarle Støylen (t. h.). No satsar selskapet på utvikling og produksjon av glasfiberarmerte løysingar for oppdrettsnæringa i kompaniskap med Rogaland-selskapet HighComp, her ved adm. dir. Helge Rasmussen.
Nytt

Afrika-eventyr vart mareritt

Satsinga på produksjon av glasfibertankar i Tunisia har kosta Brimer på Kvamsøya dyrt. 2013 viser raude tal for hjørnesteinsbedrifta.

29.07.2014
Årsrekneskapen for 2013 viser eit driftsresultat på minus 1,6 millionar kroner og eit ordinært resultat før skatt på minus 5,1 millionar kroner. Driftsinntektene fall samstundes frå 43,7 millionar kroner i i 2012 til 36,7 millionar i 2013.
Det er tapa i Tunisia som trekkjer resultatet mest ned. Her gjekk Brimer tungt inn i 2008, og i 2010 vart selskapet Tunor etablert saman med Vestfold Plastindustri og tunisiske interesser. Brimer og Vestfold Plastindustri eig 25 % kvar i selskapet, som skulle produsere tankar, tanksystem og reinseanlegg i glasfiberarmert plast.

Historisk etablering

I følgje Tønsbergs Blad vart den samla investeringa i Emmadour i Tunisia på 30 millionar kroner. Frå det 3.500 kvadratmeter store administrasjons- og produksjonsbygget i Tunisia skulle ein også forsyne marknaden i Libya og Algerie med plasttankar.
Dagleg leiar Jens Morten Johannesen i Vestfold Plastindustri sa ved opninga at han syntest det var eit eventyr at to små norske bedrifter, ei på ei forblåst øy med berre 300 innbyggjarar, og hans eiga bedrift ute på landsbygda i Andebu, har klart å få til denne historiske etableringa i Tunisia.
Les meir .

Store tap

Men årsrekneskapen for Brimer viser at satsinga slett ikkje har vorte noko lukkeleg eventyr, i alle fall ikkje hittil. Tala viser at det tunisiske selskapet hadde eit årsresultat på minus 7,4 millionar kroner i 2011 og minus 2,3 millionar kroner i 2012. Salet var også dårleg, og kom i 2012 opp i berre 1,7 millionar kroner.
Åresrekneskapen for 2013 er ikkje ferdigstilt, og selskapet sin eigenkapital var 31.12 i 2012 negativt med 8,6 millionar kroner. Brimer har for 2013 tapsført 2,9 millionar kroner på Tunor.
Brimer hadde ved siste årsskifte på sin side bokførte fordringar mot Tunor på 1,9 millionar. I følgje årsmeldinga er det no utfordringar for å sikre vidare drift ved anlegget i Tunisia. Det vert også vist til at politisk uro er ein av årsakene til problema.

Utsette leveransar

Heller ikkje i Norge vart det noko stort år for Brimer i 2013. Fleire potensielle leveransar vart utsette i tid, noko som førde til ein svikt i både omsetning og inntening.
Selskapet har siste fem åra hatt ei omsetning som har variert mellom 34 og 45 millionar kroner, og eit driftsresultat som har variert frå pluss 1,1 millionar in 2009 til minus 1,6 millionar i 2013.
I 2008 var derimot driftsresulotat positivt med 2,7 millionar kroner av ei omsetning som bikka 50 millionar.

Plusstal i 2014

Styret opplyser at det er tatt grep for å kutte kostnader og auke innteninga. Dette har gitt resultat. I første kvartal 2014 viser rekneskapen eit overskot på 400.000 kroner. Det er også sett i gang eit omfattande arbeide for å utvikle nye produkt, mellom anna gjennom oppretting av selskapet BB Aqua.
Brimer er den klart største bedrifta på Kvamsøya i Sande, og hadde ved siste årsskifte 32 tilsette. Sju av desse kvar kvinner.
Brimer AS er morselskap for Brimer Kvamsøy. I Brimer AS er det elleve aksjonærar der Jarle Støylen eig 6.810 av 12.009 aksjar. Store aksjonærar er også Osvald Ristesund (2.402 aksjar) og Reidar Kvamme (959 aksjar). Alle tre er frå Kvamsøya.


Publisert: 29.07.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:35