Adviso advoktar inn som medeigarar
MEDEIGARAR: Runar Nordby Johansen (t.v.) og Martin Olsen Høye har vore tilsette i Adviso sidan 2014 og 2015. 
Nytt

Adviso-advokatar inn som medeigarar

Runar Nordby Johnsen og Martin Olsen Høye er blitt medeigarar i Adviso Advokatfirma.

07.01.2019
Nordby Johnsen blei tilsett i Adviso i 2014, Olsen Høye i 2015.
No er dei blitt medeigarar i firmaet, saman med Ingvild Vartdal, Kristin Fjellby Grung og Ole-Reinhart Notø. Dei fem eig ein femtepart kvar i selskapet.

Skal vekse

Det er forventningar om vekst som ligg bak utvidinga av eigarskapet.
- Vi ser for oss ein vekst og at vi i alle fall satsar på ein til to nye tilsette i år, seier Nordby Jonsen.
Saman med Olsen Høye var han rådgivar for seljarane av Sperre Compressors og Mørenot i fjor. Slike transaksjonar har det blitt meir av, og Olsen Høye ser for seg høg aktivitet i transaksjonsmarknaden framover.
- Det ligg an til å bli fleire transaksjonar, seier han.

Aksjeselskap

Adviso blei grunnlagt av Ingvild Vartdal og Kristin Fjellby Grung i 2012. Heilt frå starten har selskapet vore organisert som eit aksjeselskap, til skilnad frå partnerskapforma som er meir vanleg i bransjen.
I 2014 byrja Ole-Reinhart Notø i selskapet og blei aksjonær nummer tre.
I 2017 hadde selskapet 20,4 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 6,5 millionar kroner. Adviso har ti tilsette, åtte av dei advokatar.

Vekstbransje

Adviso er eit reindyrka forretningsadvokatselskap.
Forretningsadvokatar er ei yrkesgruppe i sterk vekst på Nordvestlandet. I 2014 talde NETT NO opp i overkant av 20 forretningsadvokatar i Ålesund. Ei ny opptelling i november i fjor vist at talet på forretningsadvokatar i Ålesund no er oppe i rundt 40, og at Adviso ikkje er åleine om å skulle auke staben.

Publisert: 07.01.2019 06:00

Sist oppdatert: 06.05.2021 19:07