Nett.no Logo
Mega menyMega meny

NETT.NO Abonnement

Registrér ein konto på vår næringsportal for 129,- pr mnd, og få tilgang på:

  • Unike artiklar om økonomi og næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord, som du ikkje finn i andre publikasjonar!
     
  • Tilgang på tenester som Nytt om Namn, Synspunkt og stilling ledig.
     

Med abonnement har du tilgang til NETT NO på alle digitale plattformer - du kan lese når du vil, kvar du vil og i det formatet som passar deg.

129,- pr. mnd.
Adjø til Tyrkia

RISIKO: Den politiske risikoen i Tyrkia har auka. Det er ein av grunnane til at Rolf Fiskerstrand ikkje vil bygge fleire skrog i Tyrkia.

Adjø til Tyrkia

Etter 11 skrog er det slutt. Fiskerstrand Verft går attende til sin gamle samarbeidspartnar i Baltikum og droppar bygging i Tyrkia.

- Generelt er vi ikkje heilt fornøgd. Det går på kvalitet og leveringspresisjon, seier konsernsjef Rolf Fiskerstrand i Fiskerstrand Verft om sine erfaringar med tyrkisk skrogbygging.

Prisskilnaden mellom Tyrkia og Baltimum har krympa.

På toppen av det heile kjem den politiske situasjonen i Tyrkia. Politisk uvisse betyr økonomisk uvisse.

-Den politiske situasjonen kan få ei negativ utvikling, og difor har vi no valt å finne andre alternativ, seier Fiskerstrand.

Gjenforeining
Fiskerstrand har bygd skrog i Litauen heilt sidan 1999/2000. Samarbeidspartnaren har heile tida vore Western Shipyard i Litauen, som har ein av Estlands rikaste personar, Fjodor Berman, som eigar - gjennom BLRT Grupp i Tallin i Estland.

Samarbeidet blei så godt at dei bestemte seg for å etablere Fiskerstrand BLRT as i 2007, og eige det 50/50.

I 2014 kjøpte Fiskerstrand ut kompanjongen og samarbeidet vart avslutta.

Les også: Fiskerstrand droppar Baltikum

Men no er dei i gang igjen.

- Vi har valt å gå tilbake til vår gode gamle samarbeidspartnar, seier Fiskerstrand.

For dyrt
Då samarbeidet vart avvikla var det summen av å bygge i Baltikum og Noreg som var for dyr, seier Fiskerstrand. Skroga til dei seks siste skipa dei bygde saman vart bygd i Tyrkia.

No ser reknestykket annsleis ut.

Dei to verfta skal samarbeid, ikkje reetablere det eit joint venture som dei hadde sist, seier Fiskerstrand.

Stoppa av finanskrisa
Då Fiskerstrand og Berman skilde lag i 2014 sa Rolf Fiskerstrand at det var finanskrisa i 2007/2008 som tok knekken på samarbeidet.

Finanskrisa gjorde at marknaden for Fiskerstrand sine farty generelt, og ferjene spesielt, fall heilt saman. Då den byrja å ta seg opp att var det ikkje lenger råd å oppnå gamle prisar, konkurransen var blitt for hard.

Siste artikler

Satsing i rett tid

Onsdag er det fest og ope hus hos NMK. Kva hadde skjedd om den nye fløyen ikkje blei bygd?

- Det vi skal frykte er renteoppgang

Hvilken veg går aksjemarkedene internasjonalt? Det er mange dystre spådommer, men Danske Bank tror ikke på noe snarlig fall i aksjemarkedene. Men der er også risikofaktorer.  

Sandven-avtale i Ulsteinvik

Bilhandlarane Trond Sandven i Bergen og Frank Hofseth i Ulsteinvik har gått i kompaniskap.

Usemje i Waves4Power

Administrerande direktør går av.

Seier stopp for Olympic Commander

Arbeidarpartiet vil ikkje vidareføre norsk engasjement i Middelhavet.

Planlegger jobbmøteplass og kontor-kafé

Neste år åpner Ante Giskeødegård, Lars Berg Giskeødegård og partnere kafè spesialtilpasset folk som vil ta med seg jobben.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no
Annonse: annonse@nett.no / 40313030
Abonnement: abonnement@nett.no
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.