Aasta Hansteen har starta produksjonen
GASS: Produksjonen har starta frå Aasta Hansteen, som er den djupaste feltutviklinga nokon gong på norsk sokkel med ei djupne på 1300 meter.
Nytt

Aasta Hansteen har starta produksjonen

I dag går første gassen frå Aasta Hansteen til Nyhamna og vidare til Storbritannia , i eit prosjekt som slår fleire rekordar.

17.12.2018
– Aasta Hansteen er ein pioner! Med ei havdjupne på 1 300 meter er dette den djupaste feltutviklinga på norsk sokkel, den første spar-plattforma på norsk sokkel og den største i verda.
- Det er eit helt unikt felt som no startar opp, seier Anders Opedal, konserndirektør for teknologi, prosjekt og boring i Equinor, i ei pressemelding.
Aasta Hansteen ligg 300 kilometer vest av Sandnessjøen, langt fra andre felt og i eit område med røffe vêrtilhøve.

339 meter høg plattform

Feltet har fått namnet sitt etter kvinnesaksforkjemparen, samfunnsdebattanten, målaren og forfattaren Aasta Hansteen.
Equinor opplyser at feltet er bygd ut med ei flytande plattform med eit vertikalt sylindrisk skrog forankra til havbotnen. Den totale vekta på plattforma er 70 000 tonn og den er totalt 339 meter høg.
Gassen vert produsert til plattforma frå sju brønnar i tre brønnrammer. Det er første gang det er installert havbotnutstyr på så stort djup på norsk sokkel.

Gassen til Aukra

Ifølgje Equinor kan både Både Aasta Hansteen og den 482 kilometer lange rørleidninga frå feltet til Nyhamna på Aukra ha kapasitet til å ta imot nye funn.
Det første funnet, Snefrid Nord, er allereie under utbygging og vil starte produksjon mot slutten av 2019.
Aktørane forventar at Aasta Hansteen, inklusive Snefrid Nord, vil produsere 55,6 milliardar standard kubikkmeter gass og 0,6 million kubikkmeter kondensat. Det tilsvarar 353 millionar fat oljeekvivalentar.
– Produksjonen fra Aasta Hansteen-feltet vil bidra til å sikre langsiktig norsk gasseksport. Med infrastruktur på plass blir det også meir attraktivt å leite rundt plattforma og langs rørleidninga.
- Dette gir oss muligheit til å sikre aktiviteten i mange ti-år framover og er i tråd med våre ambisjonar for norsk sokkel, seier Arne Digve Nylund, konserndirektør for utvikling og produksjon Norge, i pressemeldinga.

37,5 milliardar kroner

I driftsfasen blir feltet operert frå Harstad, basetjenester levert frå Sandnessjøen og helikoptertrafikken går fra Brønnøysund.
Prosjektet har kosta om lag 37,5 milliarder kroner.
Equinor er operatør for Aasta Hansteen med ein eigarandel på 51%. Dei andre rettighetshavarane er Wintershall Norge AS (24%), OMV (Norge) AS (15%) og ConocoPhillips Skandinavia AS (10%).
Gassen frå Aasta Hansteen skal transporterast i Polarled-rørleidninga til Nyhamna-terminalen for vidare eksport til UK.
Produsert kondensat skal lastast på tankskip og fraktast direkte til marknaden.

Publisert: 17.12.2018 10:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29