Nytt
ABB med svakare ordreinngang i Norge
Toppsjefen går på dagen, og selskapet legg fram litt dårlegare tal enn forventa.
17.04.2019
ABB opplyser i onsdag at direktør Ulrich Spiesshofer går på dagen etter å ha vore toppsjef i seks år.
Inntil ny toppsjef er på plass, vil styreleiar Peter Voser leie konsernet som har 147.000 tilsette i over 100 land, og også er store i Norge.
Her går det fram at inntektene kom opp i 6847 millionar US dollar, medan nettoresultatet enda på 535 millionar US dollar.
Begge deler var litt dårlegare enn analytikarane forventa.
"Vi leverer eit stabilt kvartal med solide ordrar og inntekstvekst som demonstrerer kvaliteten og motstandskraften i portefølgjen, trass i vanskar i enkelte av våre sluttmarknader", skriv finanssjef Timo Ihanuotila i rapporten frå selskapet.
Her går det fram at det er spesielt Norge, Sverige og Tyskland som skuffar, medan det er positiv utvikling i Danmark, Frankrike og Italia.
Den totale ordreinngangen aukar likevel, godt hjelpt av ni prosent vekst i Amerika og fem prosent vekst elles i verda.
Konsernet opplyser at dei kortsiktige makroøkonomiske signala frå Europa er blanda, medan ein forventar vekst i USA og Kina.
"Den globale marknaden veks med auka geopolitisk usikkerheit i deler av verda. Oljeprisen og valutaeffekter foventar å framleis prege resultata for konsernet", heiter det i rapporten.
Inntil ny toppsjef er på plass, vil styreleiar Peter Voser leie konsernet som har 147.000 tilsette i over 100 land, og også er store i Norge.
- Stabilt kvartal
Samstundes legg konsernet fram , to veker tidlegare enn annonsert.Her går det fram at inntektene kom opp i 6847 millionar US dollar, medan nettoresultatet enda på 535 millionar US dollar.
Begge deler var litt dårlegare enn analytikarane forventa.
"Vi leverer eit stabilt kvartal med solide ordrar og inntekstvekst som demonstrerer kvaliteten og motstandskraften i portefølgjen, trass i vanskar i enkelte av våre sluttmarknader", skriv finanssjef Timo Ihanuotila i rapporten frå selskapet.
Redusert norsk ordreinngang
Der går det fram at ordreinngangen i Europa fall med tre prosent samanlikna med første kvartal i fjor.Her går det fram at det er spesielt Norge, Sverige og Tyskland som skuffar, medan det er positiv utvikling i Danmark, Frankrike og Italia.
Den totale ordreinngangen aukar likevel, godt hjelpt av ni prosent vekst i Amerika og fem prosent vekst elles i verda.
Konsernet opplyser at dei kortsiktige makroøkonomiske signala frå Europa er blanda, medan ein forventar vekst i USA og Kina.
"Den globale marknaden veks med auka geopolitisk usikkerheit i deler av verda. Oljeprisen og valutaeffekter foventar å framleis prege resultata for konsernet", heiter det i rapporten.
Publisert: 17.04.2019 08:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34