A Atvarar mot stort saltforbruk vurderer solenergi
SALT: Norsk Kommunalteknisk Forening åtvarar mot auka saltbruk på norske vegar. 
Nytt

Åtvarar mot stort saltforbruk - vurderer solenergi

I fjor auka vegsaltinga kraftig til 325.000 tonn. No vurderer Statens vegvesen bruk av solenergi.

08.10.2019
NPK: SSB la onsdag fram tal som viser at det i vintersesongen 2017/2018 blei brukt 40 prosent meir vegsalt enn sesongen før. Norsk Kommunalteknisk Forening (NKF) åtvarar mot stort saltforbruk på norske vegar.
– Salting har nokre negative sider som vi må vurdere. Først og fremst gjeld det konsekvensar for miljøet og slitasje på vegdekket. Det siste vil òg kunne føre til dårlegare vegar og behov for auka vedlikehald, seier administrerande direktør Rune Aale-Hansen i NKF i ei pressemelding.

325.000 tonn

Tala frå SSB viser at det i sesongen 2017/ 2018 blei brukt 325.000 tonn salt, 40 prosent meir enn sesongen før.
Saltforbruket kan variere ein del frå sesong til sesong, men trenden er at saltforbruket har auka over tid, ifølgje NKF.
– Noko auka salting er naturleg blant anna som følgje av utviding av vegnettet og klimaendringar, men det er likevel grunn til å følgje med, seier Aale-Hansen.

Fleire grunnar

Statens vegvesen peikar på fleire grunnar til at saltbruken aukar:
• Utviding av vegnettet som blir salta
• Fleire vegar som vanlegvis ikkje blir salta, blir salta i ein overgangsperiode
• Utvida vegnettverk i form av fleirfeltsvegar
• Temperaturar rundt null grader

Vurderer solenergi

Statens vegvesen har lenge sett på alternativ til salting av glatte vegar. No kan vassboren varme frå solenergi verte eit reelt alternativ.
Kjersti Dunham som er avdelingsdirektør med ansvar for ferjefri E39 vurderar no å prøve løysinga med vassboren varme i vegen på spesielt utsette korte strekningar, skriv .
Systemet består av vassrøyr enten støypt i betong eller lagt inn i asfaltdekket. Solenergien samlar varme om sommaren og vert lagra i grunnen, og kan brukast om vinteren for å sikre isfrie vegar.
Løysinga er eit resultat av eit forskingssamarbeid mellom Statens vegvesen, svenske Trafikverket og Chalmers Tekniska Högskola i Göteborg.

Publisert: 08.10.2019 10:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40