A Atvarar mot masseturisme til Selja
SELJA: Selja-ekspert Eivind Luthen åtvarar mot at ei sterk vektlegging av reiseliv i samband med planane for eit regionalt pilegrimssenter i Selje i Sogn og Fjordane. Her dei gamle klosterruinane på øya Selja.
Nytt

Åtvarar mot masseturisme til Selja

Planane om å etablera eit regionalt pilegrimssenter i Selje vekkjer skepsis.

09.10.2019
NPK: Ekspert fryktar at eit sterkt turistfokus skal få negative konsekvensar for øya Selja og dei gamle klosterruinane der.
– Eg forstår freistinga, og det er lett å la seg begeistra av konsulentspråket og utsikta til større turistinntekter. Men eg hadde sagt nei. Busslaster med amerikanske cruiseturistar vil øydeleggja mykje. Selje er ein skjør plass, seier leiar i Pilegrimsselskapet St. Jakob, Eivind Luthen, til
Luthen har også skrive boka «Selja – Sunnivakulten og pilegrimsmålet».

"Klosterprodukt"

I behandlinga av saka om eit regionalt pilegrimssenter i Selje, reagerer han særleg på ordbruken til det innleigde konsulentselskapet PWC.
I ein uttale brukar selskapet ord som «klosterprodukt» og «kundesegment». Selskapet tek også til orde for å gjera Selje kloster til ein leiande turistattraksjon.
Luthen fryktar ei kommersiell vektlegging vil øydeleggja for det åndelege. Også biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, reagerer på ordbruken til konsulentselskapet.
– Det er pinleg og avslører at konsulentselskapet har lite forståing for kva kloster- og pilegrimstradisjonane står for, seier biskopen.

Vil løfte fram det åndelege

Han åtvarar mot å sjå på Selja berre som eit vanleg turistmål og oppmodar alle som arbeider med kystpilegrimsleia til å løfta fram den åndelege dimensjonen av pilegrimsvandringa.
Ordførar Alfred Bjørlo (V) er samd i at konsulentselskapet har eit merkeleg ordval, men meiner det er mogleg å leggja til rette for kulturbasert reiseliv samtidig som ein viser respekt for plassen og dei ulike gruppene som ønskjer å delta på pilegrimsvandring.
Styreleiar i Venner av Seljes kloster, Torkjell Djupedal, har lita tru på at Selja vil bli rent ned av turistar og kallar bekymringa til Luthen «ei hypotetisk problemstilling».
Det er pinleg og avslører at konsulentselskapet har lite forståing for kva kloster- og pilegrimstradisjonane står for

Publisert: 09.10.2019 11:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41