A Atte baatdaapar paa fire maanader
DÅPSKØ: Frå brua på Eidesvik-skipet "Viking Neptun" ser ein dekket og dei to store offshorekranene på offshore konstruksjonsskipet som skal døypast neste laurdag. Men rett bak ser ein også Olympic-skipet "Olympic Bibbi" og bak skimtar ein Rem Offshore sin "Rem Arctic", medan det andre Olympic-skipet "Olympic Nike" framleis står på beddingen.
Nytt

Åtte båtdåpar på fire månader

Aktiviteten er rekordhøg og båtdåpane står i kø hos Kleven.

20.02.2015
- Ja, det er historisk høg aktivitet. Aldri før har vi så tett med båtdåpar, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund ved Kleven.
Den samla verdien på dei åtte skipa er også svært høg.
- Vi snakkar om rundt 5,2 milliardar kroner i total verdi.

Viktige markeringar

Først ut er Eidesvik sitt 145,6 meter lange offshore konstruksjonsskip «Viking Neptun», eit skip som skal døypast i Stavanger neste helg.
- Det vert eit hundretals gjestar og vi synst det er viktig å markere båtdåpar på ein skikkeleg måte, seier Kvalsund.

Men deretter står sju nye båtdåpar på tur før sommarferien.
I mars er det ytterlegare to dåpar, den eine for GC Rieber sitt nye seismikkskip «Polar Empress», den neste for Olympic Shipping sitt konstruksjonsskip «Olympic Bibbi».
I april er det Rem Offshore sin nye PSV «Rem Arctic» som skal døypast, før Voldstad Maritime sitt offshore konstruksjonsskip «Grand Canyon III» står for tur i mai.

Bestilte to luklsusyachtar

I juni er det klart for dåp av den 107 meter lange luksusyachten «Ulysses» til Felham og New Zealand-millardæren Graeme Hart, som like godt har bestilt ein ni meter lengre yacht ved Kleven.
Vårsesongen vert avslutta med endå eit konstruksjonsskip til Olympic Shipping, denne gongen «Olympic Nike».
Tre av båtane skal leverast frå Kleven-eigde Myklebust Verft i Gursken.
- For Myklebust er det svært spesielt å ha tre dåpar på så kort tid, seier Kvalsund.

2.200 arbeidarar

Den høge aktiviteten har også ført til at det er rekordmange tilsette innanfor portane ved verfta i Ulstein og Gursken.
- I Ulstein er det no rundt 1.200 i sving, og i Gursken rundt 1.000.
- På verftet i Gursken er det dermed langt feire som arbeider enn det er innbyggjarar i Gursken. Det fortel litt, seier Kvalsund.
For resten av 2015 er det berre ein ny dåp. Det er i september då det malaysiske selskapet IES Pioneer skal få overlevert sitt offshore konstruksjonsskip «IES Energy».
I 2016 er det klart for fem nye dåpar, medan ein for 2017 hittil har signert kontrakter om levering av fire skip. Dei seks siste er alle skip til danske Maersk, medan dei dei tre andre er til reiarlaga Østensjo Rederi, Felham på New Zealand og De Beers Marine i Namibia.

Lavare aktivitet

Ellen Kvalsund reknar med at det kan verte lenger mellom båtdåpane framover.
- Vi håpar ikkje det, men spesielt innanfor offshore er det no ein tøffare marknad.
- Det er dermed god grunn til å glede seg over den høge aktiviteten vi har no.
Vi snakkar om rundt 5,2 milliardar kroner i total verdi

Publisert: 20.02.2015 16:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41