A Arets skip litt forseinka
VED VERFTET: Color Hybrid skulle ifølgje den opphavelege planen leverast på forsommaren, men skipet ligg framleis til ferdigstilling ved Ulstein verft.
Nytt

Årets skip litt forseinka

Prestisjeskipet Color Hybrid vert forseinka frå Ulstein Verft. 

17.06.2019
Dette opplyser Color Group i , der selskapet kjem med resultatvarsel.
4. juli fekk Color Group, Ulstein Verft og Fosen Yards prisen 'Årets skip' for nettopp hybridferja Color Hybrid. Aktørane vart gratulert av kronprins Haakon under Nor-Shipping på Lillestrøm.
No er det klart at skipet ikkje vert levert etter planen, slik at jomfruturen frå Sandefjord til Strömstad likevel ikkje vert 26. juli.

Auka kostnader

Color Group opplyser at skipet vert 'noko forseinka' på grunn av forseinkingar ved Ulstein Verft. Dette har også ført til auka kostnader i prosjektet etter reforhandlingar med verftet.
I tillegg opplyser selskapet at ferja M/S Bohus er seld til eit dotterselskap av Northbay Transportes Maritimos LTD på Madeira, Portugal med levering seinast 30. august 2019.
Dette skipet vil operere vidare i Middelhavet.

Resultatvarsel

Color Group opplyser også at selskapet har inngått forlik i den rettslige tvisten med Nye Kystlink AS, og alle krav er fråfalle mot Color Group AS og Color Line AS.
Konsernet Color Group forventar no eit resultat for 2019 som er svakare enn fjoråret, primært grunna høgare oljepris og svakare norsk valuta enn fjoråret. Men det svekka resultatet kjem også av forseinka levering av Color Hybrid frå Ulstein Verft, svakare fraktmarknad enn forventa, samt at Bohus er ute av drift ein periode grunna ekstraordinært driftsavbrot, og forlik i den rettslege tvisten.
Total er likviditetseffekta estimert til 200 millionar kroner.
Color Hybrid er 160 meter langt og 27,1 meter breidt, og har kapasitet til å transportere 2000 passasjerar og 500 personbilar.
Ulstein Verft har opsjon på endå eit skip til Color Group.

Publisert: 17.06.2019 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36