A Aret slutta med ein nesten perfekt storm
OLJESERVICE: Det vart ei dårleg avslutning på fjoråret for Schlumberger og Pål Kibsgaard-Petersen, men han ser fleire lyspunkt i 2019.
Nytt

- Året slutta med ein nesten perfekt storm

Pål Kibsgaard-Petersen trur på betre tider i oljeservice i 2019, sjølv om fjoråret slutta med ein nesten perfekt storm.

21.01.2019
Det fastslår konsernsjefen i verdas største oljeserviceselskap i samband med presentasjon av resultata for fjerde kvartal og året under eitt.
Det er alltid stor spenning til korleis ålesundaren Kibsgaard-Petersen ser på framtida ettersom han leier eit konsern med over 100.000 tilsette fordelt på aktivitetar i meir enn 85 land.
2018-resultata vart ein opptur for Schlumberger, og totalt omsette selskapet for 32,8 milliardar USD, og hadde eit driftsresultat på 4,1 milliardar USD.
Omsetningsveksten var på åtte prosent i forhold til 2017, medan driftsresultatet auka med sju prosent.
Det var spesielt aktiviteten i Nord-Amerika som stod for auken.

- Nesten ein perfekt storm

Men året slutta dårleg. I fjerde kvartal stoppa omsetninga på 8,1 milliardar USD, ned med fire prosent i forhold til fjerde kvartal 2017.
Driftsresultatet vart på 0,9 milliardar USD, ned heile ti prosent frå året før.
Kibsgaard-Petersen seier at ei rekkje negative forhold slo inn samstundes på slutten av året. For det første var det overraskande stor produksjon av skiferolje i USA, noko som presssa prisen ned samstundes som urolege geopolitiske forhold reduserte etterspørselen. Ein såg at også investorane vart meir forsiktige på grunn av usikkerheit rundt den framtidige veksten.
Dette kombinert med auka renter i USA og handelskrig, bidrog til at ein nesten fekk ein perfekt storm, i følgje Kibsgaard-Petersen.

Trur på løysing av handelskrigen

Men framover er Kibsgaard-Petersen meir optimistisk. Han trur at oljeprisen vil gradvis betre seg, spesielt når effekten av produksjonskutten til Russland og OPEC vil slå inn. Han trur også at det vert ein betre balanse i tilførsel- og etterspørsel-kjedene, og forventar at USA og Kina vil finne ei løysing på handelskrigen.
Men Kibsgaard-Petersen viser også til at svingningane i oljeprisen har ført til meir usikkerheit rundt investeringsnivået for 2019, og han seier at kundane er meir konservative i starten på året, og at dei teikn til ein omfattande investeringsoppgang ein spådde for seinaste tre månader sidan nok ein gong vert utsett i tid.
Uansett meiner Kibsgaard-Petersen at investeringane vil gå opp, spesielt fordi det har vorte små investeringar i vedlikehald og oppraderingar siste åra, og fleire stader er det behov for nye store investeringar berre for å oppretthalde dagens produksjonsnivå.

Publisert: 21.01.2019 08:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30