A Alesund nord staar sterkare
BRATTVÅG: Nina Jensen, Arvid Moss og Eva Joly kjem til Haramskonferansen 2020.
Nytt

– Ålesund nord står sterkare

Arrangøren av Haramskonferansen meiner den eksportretta industrien nord i den nye kommunen har styrka seg ved samanslåinga. No byr dei inn til konferanse for niande gong. 

Marius Rosbach
10.02.2020
Haram Næring og Innovasjonsforum har 170 påmeldte til industrikonferansen ved ID Huset i Brattvåg tysdag.
Dagleg leiar Henrik Dalelid Vedde kan korrupsjonsjeger Eva Joly, Nina Jensen frå REV-Ocean og NHO-president Arvid Moss på programmet.
Konferansen blir arrangert for niande gong, men det er første gongen som del av nye Ålesund kommune. Frå årsskiftet gjekk både Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog saman.

Les også:


Stor medlemsauke

Haram Næring og Innovasjonsforum (HNI) har det siste året hatt stor auke i talet på medlemmar, frå kring 50 til 100 medlemmar. Dagleg leiar Henrik Dalelid Vedde meiner Brattvåg-konferansen står seg sterkt i det nye kommunelandskapet.
– Ålesund har gått frå å vere ei handelskommune til å bli meir prega av industri. Vi ser også at Ålesund nord står sterkare, og at vi har fått ei samling av den maritime eksportretta industrien, seier Vedde til NETT NO.
I løpet av det siste året har også Sandøy Næringslag gått inn i HNI. Store bedrifter som I. P. Huse, Optimar og MMC First Process har også kome til i denne tida. Administrerande direktør Petter Leon Fauske i nemnte MMC First Process, er mellom dei som skal på scena tysdag.
– Han skal snakke om kva som skal til for å bygge ei internasjonal vekstbedrift her frå regionen, fortel Vedde.

Samspel med det offentlege

Tema for årets konferanse er «konkurransekraft i samspel» -- og tar mellom anna for seg samspelet mellom det private og offentlege.
Vedde seier det er få praktiske endringar ved konferansen som følgje av kommunesamanslåinga. Ålesund har gått inn og teke Haram kommune sin plass som medarrangør – og namnet blir vidareført.
– Det var einigheit om at Haramskonferansen var eit innarbeida namn med standing, seier Vedde.

Les også:




Publisert: 10.02.2020 13:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52