A Alesund med sterkast prisvekst i Midt Norge
Nytt

Ålesund med sterkast prisvekst i Midt-Norge

Bustadprisane held fram med å stige – til dels kraftig.

07.07.2020
(NPK-NTB): Bustadprisane steig i andre kvartal dei aller fleste stadene i Noreg, viser tal frå Eiendom Norge.
Ålesund-området steig mest i Midt-Norge i perioden med 3,7 prosent. Prisane i Kristiansund steig med 2.4 prosent og i Molde med 1,9 prosent,
I distrikta i Møre og Romsdal – utanom dei tre største byane - steig prisane med 1,7 prosent i kvartalet, viser tal frå Eiendom Norge tysdag.
Prisveksten i Ålesund gjer at jugendbyen plasserer seg på topp 3.-lista i landet, berre slått av Kragerø (5,8 prosent) og Askøy i Vestland (4,5 prosent).
Svakast var prisveksten i bydel Stovner i Oslo med 0 prosent. Deretter følgde Sola og Randaberg i Rogaland med ein vekst på 0,3 prosent og Ringerike i Viken med 0,4 prosent.

Kristiansund sterkast vekst siste året

Tala det siste året viser at Kristiansund har hatt ein vekst på 3,7 prosent, medan Ålesund har hatt ein vekst på 3,5 prosent og Molde på 2,4 prosent.
Distrikta i Møre og Romsdal har hatt ein marginal vekst på 0,1 prosent.
Kragerø hadde òg den sterkaste veksten i landet dei siste fire kvartala, med 7,7 prosent, følgd av Nesodden i Viken (6,6) og Lindesnes i Agder (5,8).
Den svakaste prisutviklinga i landet den siste firekvartalsperioden var i Stavanger i Rogaland og Vefsn i Nordland, begge med ein nedgang på 2,7 prosent, og Ringerike (–1,8 prosent).

Ingen koronaeffekt

Koronakrisa har ikkje ført til dei store endringane i tala.
– Vi fekk ein mindre brems i bustadmarknaden i mars og april i samband med koronakrisa, men marknaden har i månadene etterpå teke seg opp på nivået det var på før dei nasjonale smitteverntiltaka. Derfor ser vi ikkje ein klar koronaeffekt i tala for årets andre kvartal, seier kommunikasjonsmedarbeidar Peder Tollersrud i Eiendom Norge.
Jamt over har prisutviklinga i andre kvartal vore sterkare enn same periode i 2019, noko Tollersrud meiner mellom anna kjem av oppsvinget i marknaden etter rentekutta til Noregs Bank.
(©NPK)

Publisert: 07.07.2020 14:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59