A Alesund med ny cruiserekord
AUKE: Stadig fleire cruisepassasjerar vil besøkja Ålesund. 
Nytt

Ålesund med ny cruiserekord

Heile 300.000 cruisepassasjerar har besøkt Ålesund så langt denne sesongen. Det er ny rekord og 72.000 fleire cruisepassasjerar enn i fjor.

24.09.2018
NPK: Den kraftige auken betyr også meir pengar i kassa for næringslivet i området.
– I samsvar med målingane til Statistisk sentralbyrå (SSB) gjev veksten ei inntekt til regionen på heile 258 millionar kroner, skriv Ålesundregionen havnevesen på Facebook.
Og endå er ikkje sesongen heilt over. Før det siste cruiseskipet legg til kai 28. oktober, er det venta tre andre cruiseskip.
Veksten har ikkje kome av seg sjølv. Hamnevesenet fortel at det har vore arbeidd målretta med å utvida cruisesesongen, og at denne er utvida frå 67 dagar i fjor til 102 dagar i år.
Det er først og fremst tyske cruiseturistar som vil besøkja Ålesund. Deretter følgjer britar, amerikanarar og spanjolar. Også 973 kinesarar besøkte Ålesund via sjøvegen, medan den generelle trenden er ein auke i asiatiske turistar som kjem landevegen.
Det er ikkje noko som tyder på at tilstrøyminga av cruiseturistar skal dabba av. Prognosane viser at trenden held fram både neste år og året deretter, fortel hamnevesenet.

Publisert: 24.09.2018 15:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26