A Alesund distriktet med sterkast prisvekst i landet
Nytt

Ålesund-distriktet med sterkast prisvekst i landet

Ferske tal for bustadprisane viser den sterkaste mai-veksten nokon gong.

Marius Rosbach
04.06.2020
Bustadprisane steig med 1,9 prosent i mat – eller 1,4 prosent om ein korrigerer for sesongvariasjonar, melder Eiendom Norge torsdag.

Størst vekst i Ålesund siste året

Bustadprisane er i snitt 2,5 prosent høgare enn i fjor. Ålesund og distriktet rundt har hatt den sterkaste prisveksten i landet siste året, med ein oppgang på 3,9 prosent. Svakast er Stavanger-distriktet med ein nedgang på 1,3 prosent.
Administrerande direktør Henning Lauridsen fortel at prisane steig i alle områder i Norge i mai månad, og at oppgangen er den kraftigaste i mai i historia til bustadstatistikken deira.
Med oppgangen i mai har bustadprisane henta seg inn att, etter fallet i mars og april i kjølvatnet av koronautbrottet. Lauridsen meiner veksten skuldast at store delar av samfunnet opna opp att etter dei strenge koronatiltaka.

Blir selt færre bustader

Det er eit lågare tal bustader som er ute for sal, og færre blir selt. Lauridsen seier den vanlege «vårflaumen», ikkje har kome i år.
Det blei selt 9615 bustader i Norge i mai, noko som er 7,7 prosent lågare enn same månad i fjor. Det blei også lagt ut drygt 18 prosent færre bustader den månaden, samanlikna med fjoråret.
I snitt tok det 54 dagar å selje ein bustad i mai – ein marginal nedgang frå 55 i april. Denne månaden er det i Stavanger-distriktet salet går tregast unna i landet, etter at i tala førre månad.
Raskast går salet i Oslo, der det tek 24 dagar i snitt å selje ein bustad, ifølgje frå Eiendom Norge.

Les også:



Publisert: 04.06.2020 11:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58